Røyrtveit naturreservat: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks |
s Rettet skrivefeil |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Røyrtveit naturreservat''' er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]] nord-aust i [[Evje og Hornnes kommune]]. Fredingsvedtaket vart gjort så tidleg som i 1917. Grunnen høyrde opprinneleg til [[Evje (Prestegarden)]], men grunneigar i området i dag er [[Trygve Jokelid]]. | '''Røyrtveit naturreservat''' er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]] nord-aust i [[Evje og Hornnes kommune]]. Fredingsvedtaket vart gjort så tidleg som i 1917. Grunnen høyrde opprinneleg til [[Evje (Prestegarden)]], men grunneigar i området i dag er [[Trygve Jokelid]]. | ||
Feltet ligg 520-550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt minst sidan 1917, men truleg endå mykje lenger tilbake, og har fått skjøtte seg sjølv. Eit tjukt lag av råhumus difor skogbunnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg en del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er turka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen - om ikkje dei aller største. Både tverrmålet og høgda er av umåtelege dimensjonar. Det veks og osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge. | Feltet ligg 520-550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt minst sidan 1917, men truleg endå mykje lenger tilbake, og har fått skjøtte seg sjølv. Eit tjukt lag av råhumus dekkar difor skogbunnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg en del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er turka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen - om ikkje dei aller største. Både tverrmålet og høgda er av umåtelege dimensjonar. Det veks og osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge. | ||
Røyrtveit-skogen er ein av dei få, om ikkje den einaste urskogen på Agder. Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernlova. | Røyrtveit-skogen er ein av dei få, om ikkje den einaste urskogen på Agder. Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernlova. | ||
Versjonen frå 23. desember 2015 kl. 17:11

Røyrtveit naturreservat er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fredingsvedtaket vart gjort så tidleg som i 1917. Grunnen høyrde opprinneleg til Evje (Prestegarden), men grunneigar i området i dag er Trygve Jokelid.
Feltet ligg 520-550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt minst sidan 1917, men truleg endå mykje lenger tilbake, og har fått skjøtte seg sjølv. Eit tjukt lag av råhumus dekkar difor skogbunnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg en del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er turka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen - om ikkje dei aller største. Både tverrmålet og høgda er av umåtelege dimensjonar. Det veks og osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge.
Røyrtveit-skogen er ein av dei få, om ikkje den einaste urskogen på Agder. Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernlova.
Kjelde
- Anders Danielsen, Røyrtveit fredskogfelt i Evje, Setesdal, artikkel i Naturvern i Norge, årsskrift for Landsforbundet for naturvern i Norge, 1950-1951, s. 62-65
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 178
Kart
Zoom inn for å sjå namn (trykk på +)