Evje og Hornnes Sogelag: Skilnad mellom versjonar
s →Hefter: lenkefiks |
s →Hefter: Minne frå ei svunnen tid |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
*[[Erik Kjebekk]], ''Misjon og vekking i ei sørlandsbygd'' | *[[Erik Kjebekk]], ''Misjon og vekking i ei sørlandsbygd'' | ||
*[[Erik Kjebekk]], ''Haugerørsla i Evje og Hornnes'' | *[[Erik Kjebekk]], ''Haugerørsla i Evje og Hornnes'' | ||
*[[Erik Kjebekk]], ''[[Minne frå ei svunnen tid - Historiske gløtt frå Evje og Hornnes]]'' | |||
== Referanser == | == Referanser == | ||
Versjonen frå 9. november 2014 kl. 09:44
Evje og Hornnes Sogelag vart stifta i 1986. Initiativtakarane skal ha vore Olav Arne Kleveland og Eilert Hægeland. Eilert Hægeland var den første leiaren.
Formålet til laget er å vekkje, auke og spreie interesse for lokal historie. Laget skal òg vere eit støttelag for Evje og Hornnes museum, Fennefoss. Laget har om lag 150 medlemmer og gjev ut årsskriftet Arnstein. Laget har og gjeve ut særskrifter. Kvart år arrangerer laget to turar der ein kan sjå nærare på stader av lokalhistorisk interesse. Den første turen er i regelen 2. pinsedag, medan den andre er på hausten. Alle som vil kan vere med på desse turane.
Styre
I 2013 var desse med i styret: Bernt Gautestad, Erik Kjebekk, Olav Kiland, Rita Flottorp og Eva Haugen Sørgaard.[1]
Leiarar
- Erik Kjebekk
- Bernt Gautestad
- Oddmund Mogstad
- Olav Arne Kleveland 1989-1991
- Eilert Hægeland 1986-1988
Hefter
Sogelaget har gjeve ut og har for sal desse hefta:
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk
- Olav Arne Kleveland, Gjennombrotet for arbeidarrørsla i Evje (hovudoppgåve i historie)
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i ei sørlandsbygd
- Erik Kjebekk, Haugerørsla i Evje og Hornnes
- Erik Kjebekk, Minne frå ei svunnen tid - Historiske gløtt frå Evje og Hornnes
Referanser
- ↑ Årsmøte i Evje og Hornnes sogelag. Artikkel i Setesdølen nr. 25, 2014 side 3