Hylje: Skilnad mellom versjonar
henta eigen tekst frå http://lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Hylje_%28Hylestad%29&oldid=338236 |
s Endret litt på en kategori |
||
| (11 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Hylje''' var ein gard i [[Valle kommune]]. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen [[Hylestad]], men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom | '''Hylje''' var ein gard i [[Valle kommune]]. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen [[Hylestad]], men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom det fram at gardane [[Hovet]] og [[Bjørgum]] hadde delt garden mellom seg ein gong etter [[:lokhist:Svartedauden|svartedauen]], truleg på 1600-talet.<ref name="Ryningen">[[Alfred Ryningen|Ryningen, Alfred]]: «Hylje» i ''Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad'' s. 7, 1994, ISBN 8299133416.</ref> «Ein kan tenkje seg at Hylje vart utan brukar ei gong i seinmellomalderen», skriv [[Leonhard Jansen]] i jubileumsskriftet ''[[Hylestad kyrkje 150 år]]'' (1989). Jansen peikar på at folketalet i dalen då hadde gått kraftig attende. Bøndene i Hylestad, Valle og [[Bykle]] hadde fått nok med å underhalde èin prest, og han blei då buande i midtbygda Valle. | ||
I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i [[:lokhist:leksikon:landskyld|landskyld]] av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum. | I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i [[:lokhist:leksikon:landskyld|landskyld]] av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum. | ||
| Line 6: | Line 6: | ||
Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske ''hylr'' som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.<ref name="Ryningen" /> I Setesdal finst fleire namn med ''Hylje'' som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i [[Bykle kommune|Bykle]]. | Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske ''hylr'' som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.<ref name="Ryningen" /> I Setesdal finst fleire namn med ''Hylje'' som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i [[Bykle kommune|Bykle]]. | ||
[[:lokhist:Oluf Rygh|Oluf Rygh]] skriv i ''[[:lokhist:Norske Gaardnavne|Norske Gaardnavne]]'' at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 [[ | [[:lokhist:Oluf Rygh|Oluf Rygh]] skriv i ''[[:lokhist:Norske Gaardnavne|Norske Gaardnavne]]'' at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 [[Hovet]], sidan garden er nemnd i slik samanhang i [[stev]] og andre gamle vers. Områder på Hovet skal og til vanleg kallas ''Kyrkjebygdí'' eller ''i By´gdinn''. Som andre argument nemner Rygh at namna Hylisdalen og Hyliskjelle (-kjelda) finst på Hovet sitt område. | ||
==Kjelder og referansar == | ==Kjelder og referansar == | ||
* Jansen, Leonhard B. og Alfred Ryningen: «Hylestad - aust» i ''Valle kommune VII Kultursoge'' s. 29, 1994, ISBN 8299133467 | * [[Leonhard Jansen|Jansen, Leonhard B.]] og [[Alfred Ryningen]]: «Hylestad - aust» i ''Valle kommune VII Kultursoge'' s. 29, 1994, ISBN 8299133467 | ||
* Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i ''[[Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad]]'' s. 317, 1983, ISBN 8290300077 | * [[Tarald Nomeland|Nomeland, Tarald]]: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i ''[[Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad]]'' s. 317, 1983, ISBN 8290300077 | ||
* [http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_bla.prl?enhid=140545&avid=31791 Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i ''Norske Gaardnavne'', bind 8, side 224] | * [http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_bla.prl?enhid=140545&avid=31791 Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i ''Norske Gaardnavne'', bind 8, side 224] | ||
* | *Leonhard Jansen, ''[[Hylestad kyrkje 150 år]]'', jubileumsskrift, 1989, side 12 | ||
{{reflist}} | {{reflist}} | ||
[[Kategori: | ==Eksterne lenker== | ||
*[[:lokhist:Hylje (Hylestad)|Artikkelen på lokalhistoriewiki.no]] | |||
[[Kategori:Nedlagte garder i Valle]] | |||
[[Kategori:Hylestad]] | [[Kategori:Hylestad]] | ||
Siste versjonen frå 16. mars 2022 kl. 13:10
Hylje var ein gard i Valle kommune. Den gav namn til soknet og den tidlegare kommunen Hylestad, men nøyaktig kor den låg er ikkje lengre kjend. Garden var prestegard, og under ei rettssak i 1615 og 1618 kom det fram at gardane Hovet og Bjørgum hadde delt garden mellom seg ein gong etter svartedauen, truleg på 1600-talet.[1] «Ein kan tenkje seg at Hylje vart utan brukar ei gong i seinmellomalderen», skriv Leonhard Jansen i jubileumsskriftet Hylestad kyrkje 150 år (1989). Jansen peikar på at folketalet i dalen då hadde gått kraftig attende. Bøndene i Hylestad, Valle og Bykle hadde fått nok med å underhalde èin prest, og han blei då buande i midtbygda Valle.
I august og september 1580 vert garden nemnt i to brev til den nye presten i Valle, Peder Nilsen. Han hadde spurd to tidlegare prestar, Jacob Mikkelsen og Laurits Hansen om kva inntekter dei hadde hatt medan dei rådde i Valle. Båe prestane hadde fått ei tunne korn i landskyld av garden, og seinare motsvarande frå Hovet, Haugen og Bjørgum.
Namnet
Namnet skal ha sitt opphav i det gamalnorske hylr som tyder vasskulp, stillvetne i bekk eller elv.[1] I Setesdal finst fleire namn med Hylje som til dømes Hyljebrokke i Valle og Hyljebakken i Bykle.
Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at Hyljes og kyrkjas opprinnelege sted skal finnast i gardsnummer 65 Hovet, sidan garden er nemnd i slik samanhang i stev og andre gamle vers. Områder på Hovet skal og til vanleg kallas Kyrkjebygdí eller i By´gdinn. Som andre argument nemner Rygh at namna Hylisdalen og Hyliskjelle (-kjelda) finst på Hovet sitt område.
Kjelder og referansar
- Jansen, Leonhard B. og Alfred Ryningen: «Hylestad - aust» i Valle kommune VII Kultursoge s. 29, 1994, ISBN 8299133467
- Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
- Rygh, Oluf: «Hylestad sogn» i Norske Gaardnavne, bind 8, side 224
- Leonhard Jansen, Hylestad kyrkje 150 år, jubileumsskrift, 1989, side 12
- ↑ 1,0 1,1 Ryningen, Alfred: «Hylje» i Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad s. 7, 1994, ISBN 8299133416.