Jørund Gunnarson Kvåle: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks Kvåle |
s Orto |
||
| (3 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 3: | Line 3: | ||
Jørund har i ettertid fått kallenamnet «Vond-Jørund». Etter segna skulle han vere noko bortimot ein massedrapsmann, med sju eller ni menneskeliv på samvitet. Mellom anna fortel [[Johannes Skar]] om Jørund fleire stader. Men bygdebokforfattar [[Reidar Vollen]] har studert kjeldematerialet grundig, og finn bare spor av to drap. Begge desse skjedde i sjølvforsvar, og Jørund blei frikjend med den grunngjeving at han handla i nødverge. Dei fleste historiane om han er såleis segn og eventyr. | Jørund har i ettertid fått kallenamnet «Vond-Jørund». Etter segna skulle han vere noko bortimot ein massedrapsmann, med sju eller ni menneskeliv på samvitet. Mellom anna fortel [[Johannes Skar]] om Jørund fleire stader. Men bygdebokforfattar [[Reidar Vollen]] har studert kjeldematerialet grundig, og finn bare spor av to drap. Begge desse skjedde i sjølvforsvar, og Jørund blei frikjend med den grunngjeving at han handla i nødverge. Dei fleste historiane om han er såleis segn og eventyr. | ||
«Ein kan likevel ikkje underslå at han var innblanda i mange slagsmål og at han bruka kniven ved mange høve. | «Ein kan likevel ikkje underslå at han var innblanda i mange slagsmål og at han bruka kniven ved mange høve. (---) Utan vidare kan (---) ein slå fast at Jørund Kvåle har vore ein svært fargerik og vidgjeten person», skriv Reidar Vollen i ''[[Bygland gard og ætt]]''. | ||
Jørund Kvåle skal ha døydd under ein tur til eller frå [[Tovdal]], truleg tidleg i 1670-åra. Etter segna er [[Likkvile Stemmen Jordalsvatn|likkvila]] ved [[Stemmen (Jordalsbø)|stemmen]] for [[Jordalsvatn]] etter han. | Jørund Kvåle skal ha døydd under ein tur til eller frå [[Tovdal]], truleg tidleg i 1670-åra. Etter segna er [[Likkvile Stemmen Jordalsvatn|likkvila]] ved [[Stemmen (Jordalsbø)|stemmen]] for [[Jordalsvatn]] etter han. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygkland kommune, 2012, side | *Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygkland kommune, 2012, side 226–238 | ||
{{DEFAULTSORT: Kvåle, Jørund Gunnarson}} | {{DEFAULTSORT: Kvåle, Jørund Gunnarson}} | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Bønder]] | [[Kategori:Bønder]] | ||
Siste versjonen frå 25. mars 2023 kl. 23:27
Jørund Gunnarson Kvåle (fødd ca. 1584, død etter 1671) var bonde på Kvåle i Bygland. Ei stund budde han på Lauvdal (Øvre Søgarden). Jørund eigde også i kortare eller lengre tid andre gardar eller part i andre gardar rundt omkring. Han samla seg etter kvart mykje jordegods og var involvert i mange handlar.
Jørund har i ettertid fått kallenamnet «Vond-Jørund». Etter segna skulle han vere noko bortimot ein massedrapsmann, med sju eller ni menneskeliv på samvitet. Mellom anna fortel Johannes Skar om Jørund fleire stader. Men bygdebokforfattar Reidar Vollen har studert kjeldematerialet grundig, og finn bare spor av to drap. Begge desse skjedde i sjølvforsvar, og Jørund blei frikjend med den grunngjeving at han handla i nødverge. Dei fleste historiane om han er såleis segn og eventyr.
«Ein kan likevel ikkje underslå at han var innblanda i mange slagsmål og at han bruka kniven ved mange høve. (---) Utan vidare kan (---) ein slå fast at Jørund Kvåle har vore ein svært fargerik og vidgjeten person», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.
Jørund Kvåle skal ha døydd under ein tur til eller frå Tovdal, truleg tidleg i 1670-åra. Etter segna er likkvila ved stemmen for Jordalsvatn etter han.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygkland kommune, 2012, side 226–238