Koland: Skilnad mellom versjonar
s Liten endring i bildetekst |
s Endret litt på en kategori |
||
| (6 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 3: | Line 3: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for Forsvaret i Gyvassområdet på byrjinga av 1980-talet, blei området undersøkt av arkeologar. Langs strendene av Gyvatn blei det gjort mange funn, med særleg tette konsentrasjonar ved Koland og ved det gamle utlaupet for [[Skjerka]] i sør. Tyngda av funna skriv seg frå yngre steinalder Men ein buplass, [[Gyvatn 5]] ved breidda av Gyvatn på Koland si mark i nord-vest, er nokså sikkert datert til eldre steinalder (ca 5500-4000 f.Kr.). Funnet dokumenterer at det alt i eldre steinalder oppheldt seg folk i dette området.<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 29-31</ref> | Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for Forsvaret i Gyvassområdet på byrjinga av 1980-talet, blei området [[Kulturminner ved Gyvatn og Evje øst, Vest-Agder og Aust-Agder|undersøkt av arkeologar]]. Langs strendene av Gyvatn blei det gjort mange funn, med særleg tette konsentrasjonar ved Koland og ved det gamle utlaupet for [[Skjerka]] i sør. Tyngda av funna skriv seg frå yngre steinalder Men ein buplass, [[Gyvatn 5]] ved breidda av Gyvatn på Koland si mark i nord-vest, er nokså sikkert datert til eldre steinalder (ca 5500-4000 f.Kr.). Funnet dokumenterer at det alt i eldre steinalder oppheldt seg folk i dette området.<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 29-31</ref> | ||
Koland var først støyl under Espelid. I 1881 vart støylen skild ut som eige bruk, og seld til Jon N. Klepp. Etter fleire eigarskifter, kjøpte brørne Hans og Torkjell Dåsvatn Koland i 1897, og busette seg der. Bruket blei delt mellom dei, og dei bygde hus og rydda åker og eng. Seinare selde Torkjell sin part attende til broren Hans. Då han døydde, dreiv sonen Tor Hansson Koland og dottera Jorunn Hansson Koland garden vidare. I 1951 døydde Tor, og Jorunn overtok då bruket saman med sonen sin Eivind. Drifta av garden opphøyrde truleg eingong på 1950-talet. I dag er det ikkje fastbuande på Koland.<ref>''[[Åseral Gard og Ætt]]'', band I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 409-411</ref> | |||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157661051513106 Geir Daasvatn sine bilete frå Koland på Flickr] | |||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.73873635125728,7.627242207527161~Koland Åseral}} | |||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references> | <references> | ||
[[Kategori:Åseral]] | [[Kategori:Garder i Åseral]] | ||
Siste versjonen frå 21. desember 2015 kl. 00:58

Koland er eit nedlagd gardsbruk ved den nord-vestre enden av Gyvatn i Åseral, i grenseområdet mellom Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Det går bomveg frå Espelid i Åseral inn til Koland og Gyvatn. Eit par kilometer sør for Koland, på vestsida av Gyvatn, ligg Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes kommune.
Historie
Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for Forsvaret i Gyvassområdet på byrjinga av 1980-talet, blei området undersøkt av arkeologar. Langs strendene av Gyvatn blei det gjort mange funn, med særleg tette konsentrasjonar ved Koland og ved det gamle utlaupet for Skjerka i sør. Tyngda av funna skriv seg frå yngre steinalder Men ein buplass, Gyvatn 5 ved breidda av Gyvatn på Koland si mark i nord-vest, er nokså sikkert datert til eldre steinalder (ca 5500-4000 f.Kr.). Funnet dokumenterer at det alt i eldre steinalder oppheldt seg folk i dette området.[1]
Koland var først støyl under Espelid. I 1881 vart støylen skild ut som eige bruk, og seld til Jon N. Klepp. Etter fleire eigarskifter, kjøpte brørne Hans og Torkjell Dåsvatn Koland i 1897, og busette seg der. Bruket blei delt mellom dei, og dei bygde hus og rydda åker og eng. Seinare selde Torkjell sin part attende til broren Hans. Då han døydde, dreiv sonen Tor Hansson Koland og dottera Jorunn Hansson Koland garden vidare. I 1951 døydde Tor, og Jorunn overtok då bruket saman med sonen sin Eivind. Drifta av garden opphøyrde truleg eingong på 1950-talet. I dag er det ikkje fastbuande på Koland.[2]
Eksterne lenker
Kart
Referansar
<references>
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 29-31
- ↑ Åseral Gard og Ætt, band I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 409-411