Steingjerde
Steingjerde var brukt i det gamle landbruket som skilje mellom eigedomar og mellom utmark og innmark. Frå tunet ut til utmarka var det gjerne mura ei fegate, ein geil, som leia dyra beint inn i utmarka.
Steingjerda er ofte rundt meteren høge og ein halv meter breie. Men det finst steingjerde i mest alle variantar og utføring. Gjerda blei bygde av den steinen som var på staden.
Dei eldste steingjerda ein kjenner til i Noreg er frå eldre jernalder, mellom 500 år før Kristus og 600 år etter Kristus. Dei fleste innmarksgjerda ein ser av stein i dag er bygde i samband med jordreformen i 1857 og seinare. Reformen førte til større teigar enn før og eldre steingjerder blei teke ned og flytta.
Setesdal
Det er mange steingjerde rundt om i Setesdal som er med og formar kulturlandskapet. Døme kan vere dei svære steingjerda i Breive i Bykle, på Rygnestad i Valle, i Jordalsbø i Bygland og på Abusland i Evje og Hornnes.
Kjelder
- Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth (foto), Av stein, utgjeve av forlaget Skald, 2017, side 66–83
- Steingjerder – evige kulturminner i jordbrukets kulturlandskap?, artikkel på NLR.no