Moi gravfelt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravfeltet på Moi 3. november 2017.

Moi gravfelt ligg på garden Moi sin grunn, på Moisund sør i Evje og Hornnes. Feltet ligg på vestsida av Moibekken, i skogen ca. 200 meter vest for den gamle Skrivargarden. Det er registrert 26 haugar her, 18 rundhaugar og åtte langhaugar. Feltet ligg tett inntil dyrka mark, så det er ikkje urimeleg å rekne med at nokon fleire haugar kan ha blitt jamna ut under dyrking. Det kan difor ha vore endå større opphaveleg. Haugane er ikkje sikkert tidfesta. Men ein reknar med at dei aller fleste gravhaugane i Evje og Hornnes stammar frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.).

Riksantikvar N. Nicolaysen undersøkte seks av haugane i 1902. Han fann svært lite av interesse, og gjekk ikkje vidare med undersøking av fleire haugar.

Gravfeltet på Moi er det best bevarte i Evje og Hornnes, og eitt av dei største i Setesdal. Men det er lite synleg, og ikkje tilgjengeleg med bil. Det er heller ikkje skilta frå Riksveg 9.

Kjelder

Kart

Laster kart...