Leonhard Jansen
Leonhard Jansen![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 24. februar 1958 (67 år) |
Leonhard Bjarne Jansen (fødd 24. februar 1958) er fra hausten 2019 leiar av Setesdalsmuséet. Han arbeidde før det som konservator NMF same staden. Leonhard er cand.phil. frå 1987 med faga norsk, etnologi og historie (hovudfag). Pedagogisk seminar tok han alt i 1982. Han har vore ein flittig skribent, og har gjeve ut ei rekke bøker og skrive mange artiklar om historiske emne.
Mellom mange engasjement og oppgåver på fritida, er Leonhard også ein av administratorane på Facebook-sida Setesdalnytt.
Biografi
Leonhard vaks opp på Rysstad og var aktiv med far sin, Lester Jansen, som var målar og gardbrukar, i måling, tapetsering og legging av golvbelegg så vel som i drifta av garden. Frå 1980 til 1987 arbeidde han med Valle gards- og ættesoge, innsamling av tradisjon og foto. Det var konsulentarbeid parallelt med studier. Frå 1987 til 2002 arbeidde han som lektor på deltid, og frå 1988 til 1994 hadde han halv stilling for å skrive Valle kultursoge. I 1995 fekk han stillinga som kulturkonsulent i Valle kommune. Men han slutta i 1997 og vart gardbrukar til han i 2003 vart tilsett på Setesdalsmuseet, der han frå juli 2005 var konservator NMF.
Bibliografi
- Setesdalsmålaren Harald Lund (1988)
- Hylestad kyrkje 150 år (1988)
- Valle sparebank 125 år (1991)
- Svein Knutsson Hovden – kvedar og sogemann (1991)
- Valle kultursoge bd. VII – VIII (1994)
- Valle kyrkje 150 år (1994)
- Valle kommune. Kultursoge bd. VII – VIII. Valle (1994)
- Okkupasjonstida. Valle 1940-1945/Bykle under krigen (1995)
- Bykle kyrkje 375 år (1997)
- Jorunn Fjermestad: Ljodet på Hågehei. (1998)
- Setesdalsbibliografi. (2003).
- Fjellgardane kyrkje 50 år. 2007.
- ”Eg hev halde meg til den gamle måten.” Olav Bjørgum. 2008
- Jon Løyland: Soger og segner, viser og vers. (red.) 2008
- Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814. Råbyggjeserien nr. 3, Setesdalsmuseet. 2014
- Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9 2018
Kjelder
- Basert på opplysningar frå Leonhard Jansen