Jorunn Fjermestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jorunn Fjermestad
Jorunn Fjermestad.png
Født: 7. juli 1909
Død: 18. februar 2005 (95 år)

Jorunn Fjermestad (fødd 7. juli 1909, død 18. februar 2005) budde på Fjermestad i Time kommune, nokre kilometer frå Ålgård. Ho vaks opp på Rysstad som dotter til Jon Bjørgulvsson Rysstad. Som vaksen fekk ho seg arbeid i Oslo før ho seinare kom til Jæren som bondekone på Fjermestad, gift med Jon Fjermestad. Før den tid hadde ho og vore i Skottland eit år for å jobbe der, det var i 1947.

Det er bilete av Jorunn Fjermestad i Annemor Sundbøs bok om setesdalskofta, for ho var den første kvinna som brukte setesdalskofte. Det skjedde i 1935, og kofta hadde ho sjølv strikka.

I 1998 gav ho ut diktsamlinga Ljodet på hågehei med illustrasjonar av Olav Bjørgum. Mange av dikta hennar er og trykte i Jol i Setesdal. Ho er og ein av dei som har fått trykt minneoppgåve i boka Agder i nær fortid, der ho fortel om barndom og gjetarliv. Ho hadde og bidrag i Heimen vår - Historiske glimt frå Time-bygda som Time bondekvinnelag gav ut i 1990, ISBN 8270962341

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]