Setesdalsbibliografi

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida

Setesdalsbibliografi er eit hefte på 62 sider av Leonhard Jansen. Heftet kom ut i 2003 og var nr. 1 i Råbyggjeserien som Setesdalsmuseet gir ut. ISBN 82-92541-00-4

I forordet skriv forfattaren: Opp gjennom åra er det skriva ikkje så reint lite som i dag er lite kjent, men som inneheld opplysningar som også kan ha ei viss interesse i dag. Han held fram: Dette arbeidet har hatt som siktemål å samle litteratur som på ein eller annan måte har med Setesdal å gjere, og som er skriva fram til dags dato. SJølvsagt er det uråd å påstå at alt har kome med, men det kan ikkje vere så svært mykje som manglar, iallfall ikkje av det som er prenta på vanleg måte.

I heftet er teke med litteratur som har kome ut som eiga bok eller hefte saman med nokre få tidsskriftartiklar og spesialnummer av tidsskrift. Det er og med eit oversyn over aviser og tidsskrift med særleg mykje aktuelt stoff. Utvalet gjeld Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Forfattaren er fødd eller har budd lenge i Setesdal eller har nær tilknytning til dalen på andre måtar. Forfattarar som skriv om emne frå Setesdal er og teke med.

Bibliografien er todelt. I fyste hovuddelen er alle forfattarar oppførde i alfabetisk orden. Andre bolken er delt etter emne. For å kome vidare lyt ein slå opp i hovuddelen.

Del I

  • Bøker utan forfattar
  • Alfabetisk register etter forfattarar

Del II

  • Agder (med Setesdal iblant)
  • Amerika, utvandring
  • Arkeologi
  • Aviser, årbøker o.l.
  • Barnebøker
  • Bunad, tekstilar
  • Diverse
  • Eldre manuskript/bøker (skriva før 1850)
  • Folkemusikk, stev, dans
  • Heia
  • Helsestell, antropologi
  • Hovudoppgåver m.m.
  • Humor
  • Jakt, fangst, vilt, fiske
  • Kraftutbyggjing, elveregulering
  • Krigen
  • Kunst og kunstnarar
  • Kyrkja, kristenliv, religion
  • Lokalhistorie, folkeminne
  • Mat, husarbeid
  • Reiseruter/-planar
  • Reiseskildringar
  • Romanar, noveller, skodespel, dikt
  • Setesdal (omtale i generell litteratur o.l.)
  • Stadnamn, språk, litteratur

Eksterne lenker