Mona Ida Håvorstad Frøysnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Mona Ida Håvorstad FrøysnesSymbol unrelated.svg
Mona Ida.jpg
Født: 9. mars 1954 (65 år)

Mona Ida Håvorstad Frøysnes (fødd 9. mars 1954) er biletkunstnar, tekstforfattar og musikar. Ho bur på Bygland, der ho har eige atelier, Atelier Mona Ida. Ho er gift med Vidar Frøysnes.

Biografi[rediger]

Oppveksten sin hadde ho i Åseral, der ho gjekk på folkeskule og framhaldsskule i Borddalen. Så gjekk turen til Øyslebø, der ho budde på internatet på Høgtun i to år og gjekk på Marnardal linedelte ungdomsskule. Etter to-årig handelsskule på Byremo gjekk ho tre år på frisørline i Kristiansand. I seks år hadde ho så sin eigen frisørsalong, tre av desse var på Bygland.

Som kunstnar kallar ho seg sjølv autodidakt, men ho har studert med Erlend Grøstad i Flatdal, og teke kurs hos Aud Rye, Arvid Holen og Vesla Kielland. På 1990-talet teikna ho akt i Kristiansand studieatelier og traff der Bjørn Aurebekk, som ho har lært mykje av. Ho har og teke brevkurs i teikning hos NKS og på Famous Artist School.

Litografi lærte Mona Ida Håvorstad Frøysnes hos Olaf Storø og seinare Roald Andersen d.y. på Smia Grafiske Verskstad, der ho seinare har jobba med grafikken sin. Ho var og innom linosnitt og treskjæring hos Inge Bye.

Utstillingar[rediger]

Det har blitt mange utstillingar gjennom åra. Sommaren 2011 deltok ho på Kunstlaget si sommarutstilling 2011 i Valle, på Åseralsutstillinga 2011 i kulturhuset Minne og på Hægelandsutstillinga. Nedanfor er teke med separatutstillingar. For deltaking på kollektivutstillingar før 2011 kan ein sjå heimesida hennar under CV.

Separatutstillingar[rediger]

  • Bymisjonen Kristiansand mars- 2011
  • Hovden galleri og kunsthandel- 2009
  • Sylvartun v. Hallvard Bjørgum 2008\ 2009
  • Høgtun\Øyslebø- festivaldagar- 08
  • Griegfestivalen Arendal -08
  • Ogge gjesteheim - 2006
  • Bykle hotell - 2005-2006
  • Valle kunstlag - 2005
  • Stallen Froland - 2004
  • Farsund kunstforening - 2004
  • Bykle Hotell - 2004
  • Froland Værk- kultursenter 2004
  • Lislestog Lus & Løye - Bykle - 2003
  • Frk. Larsen - Christiansand Protestfestival - 2003
  • Flaa Kunstforening - Hallingdal - 2002
  • Kvinesdal Kunstforening / gjesteutstiller - 2001
  • Arendal Kunstforening - 2001
  • Agder Energi (VAE) Kristiansand - 2000
  • Valle og Bykle Kunstforeining - 2000
  • Øy Galleri - Åmli - 1995- 1999
  • Galleri Lundsen - Flekkefjord - 1996
  • Setesdal Mineral Park - Evje - 1992-1993
  • Ose Kulturverkstad - 1991

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]