Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida

Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal er ei bok som omhandlar tilverking og bruk av belte og band som høyrer til drakttradisjonen i Setesdal.

Her er kunnskap, historie og bilete om belte og band til kvinne- og mannsdraktene i Setesdal, både til born og vaksne og til kvardag og høgtid. Boka tek for seg reiskap og materiell som vart bruka i dei ulike framstillingsmåtane. I tillegg er det eit eige avsnitt om dei mest kjende vevarane i dalen.

Utgjevar av boka er Valle bygdekvinnelag. Ei boknemd arbeidde fram boka: May-Lis Flateland (fagansvarleg), Eli Straume Føreland (fagansvarleg), Grete Fossen (leiar) og Monica Rygnestad (fotograf). Layout er ved Anne Hasla. Trykk: Rolf Ottesen AS. Økonomisk stønad til utgjevinga: Agder fylkeskommune, Bykle kommune, Bygland kommune, Valle kommune, Valle Sparebank, Valle bruktbutikk, Setesdalsmuseet/Aust-Agder museum og arkiv, Setesdal Regionråd og Øvre Otra DA. 182 sider. Pris: 350 kroner. ISBN 978-82-995252-2-0.

Kjelder

  • Boka