Uleberg skule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Uleberg skulehus i 2017.

Uleberg skule var skulen for Uleberg skulekrins i Dåsvannsdalen i Hornnes. Eige skulehus blei bygd først i 1921. Det var i bruk til 1946, då det blei bestemt at borna i Kallhovd og Uleberg skulekrinsar skulle køyrast til Kjetså skule i Voilestø. Nokre år seinare blei desse to krinsane lagde ned. Skulehusa blei selde til samlingshus for interesserte.

Kjelder