Tyskarvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bru over Logna på Tyskarvegen.

Tyskarvegen var eit vegprosjekt på Langeid i Bygland som okkupasjonsmakta sette i gang under 2. verdskrigen. Tyskarane ville lage vegsamband frå Setesdal via Sirdal til Rogaland. Vegen tok til ved Spekjeflota i nærleiken av Krokå sør på Langeid. Han svinga seg oppover i lia til Simdalen i 10–12 svingar. Frå Simdalen var vegen farbar med traktor heilt inn til Stakkedalen. Då krigen var over, stoppa arbeidet med vegen.

Vegen blei lagt uten ordentleg fundamentering. Svingane oppover i lia raste ut etter kvart. Ved storflaumen i 1968 gjekk den siste. Det er seinare bygd ny skogsbilveg opp lia til Simdalen. Frå Simdalen til Tjønndalen kan ein framleis følge den gamle Tyskarvegen vestover. Det er mogeleg å sykle på vegen inn til Tjønndalen Turisthytte.

Kjelder

Kart

Laster kart...