Tveit skule
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Harald Haugland
Tveit skule ligg like ved Austad kyrkje på Tveitemoen i Bygland, 150 meter frå Otra og 150 meter frå Riksveg 9. Bygningen er sett opp av tre i 1917–1918 og er på 90m² i to etasjar. Bygningen har fire rom og kjøkken. Skulen er ein av mange grendeskular i kommunen som ikkje lenger er i bruk.
I 2023 løyvde Kulturminnefondet 87 000 kroner til restaurering av åtte vindauge på bygget.
Lærarar
(lista er ikkje fullstendig)
Sjå også
Kjelder
- Norges bebyggelse - Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del side 80
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 278–280
- Sigurd Haugsgjerd, Tveit skule skal vølast, artikkel i Setesdølen nr. 74, 2023, side 3