Johans Torkjellson Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Johans Torkjellson Frøysnes
Født: 27. august 1895
Død: 17. mai 1984 (88 år)

Johans Torkjellson Frøysnes (fødd 1895, død 1984) var lærar og budde på Frøysnes i Bygland. Han var gift med Bjarnhild Minnie Frøysnes (1904-2002). Dei fekk to born, Anne (f. 1928) og Torkjell Arnfinn (f. 1938).

Johans tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1922. Han var først lærar i Vestby i Trysil, der han møtte kona si Bjarnhild. Etter det var han lærar i Alvdal og i Vegårshei 1923-1927. Sidan var han lærar på Tveit i Bygland til han gjekk av for aldersgrensa i 1962.

I Bygland budde familien fleire stadar. Men etter kvart slo dei seg ned på gardsbruket «Vesle» Nedgarden (bnr. 3) som Johans hadde fått av mor si Anne i 1934.

Johans hadde 13 km arbeidsveg til skulen på Tveit. Først dei siste åra han var lærar fekk han seg bil. Ved sida av læraryrket dreiv han garden. Han var med i heradstyret i ein periode og i overformynderiet.

I 1973 overførte Johans og Bjarnhild garden til sonen Torkjell Arnfinn. I 1978 reiste dei til Trysil, heimstaden til Bjarnhild. Der døydde Johans i 1984. Bjarnhild levde til 2002.

Kjelder