Trygve Lund

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve Lund
Trygve Lund. Privat foto.jpg
Trygve Lund
Foto: Privat/Otra IL
Født: 21. august 1921
Død: 11. januar 1966 (44 år)

Trygve Lund (fødd 1921, død 1966) var ein av føregangsmennene og veteranane i det unge idrettslaget Otra IL, som vart skipa då idrettslaga i Evje og Hornnes slo seg saman i 1960.

Trygve Lund var sjølv ein habil skiløpar. Han var ei sentral drivkraft i eit aktivt lokalt skimiljø på Evje på 1960-talet. Han var ein av initiativtakarane til Himmelsynaløpet. Han var formann i det kommunale ungdoms- og idrettsutvalet (KUI) på byrjinga av 1960-talet. Han var leiar i skigruppa i Otra IL 1962-1965. Ei veke før Lund brått døydde hadde styret vedteke at han skulle tildelast Otra ILs Ærespris.

«I dag står æresprisen her med sørgeflor, som et symbol for at alle idrettsinteresserte i heile distriktet er i sorg. Ein av lagets beste og gildaste menn er gått bort», vart det sagt i minnetalen som blei halden på årsmøtet i Otra IL kort tid etter det triste dødsfallet.

Foreldra til Trygve var Olav Lund (fødd 1881) og Louise Lund (fødd Eid, 1886). Dei hadde småbruket Rosenlund ved Oddeåna litt aust for Evje kyrkje på veg mot Flatebygd. Trygve overtok eigedomen etter dei.

Kjelder