Tor Hovet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tor Hovet
Født: 24. august 1920
Død: 9. juli 2010 (89 år)

Tor Hovet (fødd 24. august 1920, død 9. juli 2010) var jordskiftekandidat og budde i Montebellobakken i Oslo. Han etterlet seg kona Vilborg Stubseid Hovet og sønene Kristian Hovet og Olav Bendik Hovet og dottera Astrid. Han vart gravlagd frå Hylestad kyrkje fredag 16. juli 2010 klokka 12. Etterpå var det minnestund på Ose. Han er gravlagd på Austad gamle kyrkjegard.

Den første tida etter andre verdskrigen arbeidde Tor Hovet mykje som landmålar i Finnmark og Nord-Troms i samband med gjenreisinga. I 1947 skreiv han ein rapport til Fylkesmannen i Troms om forholda i Manndalen i Kåfjord kommune. I 2005 laga han ei ny utgreiing om korleis han opplevde den tida. Dette er omtalt i boka Manndalen Olmmáivággi av Jan Nilsen og Harry Solhaug. Dei fortel om korleis folket i Manndalen vart kollektivt straffa ved at dei ikkje fekk byggematerialar til gjenreisinga fordi dei ikkje samarbeidde med myndighetene om reguleringa der og om korleis Tor Hovet vart nærast jaga frå bygda.

Sjøv om han vart buande i Oslo heile livet, heldt Tor Hovet likevel kontakt til Setesdal og hadde hytte på Austad i Bygland kommune.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]