Tom Odd Haugland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tom Odd Haugland
Født: 3. september 1938
Død: 19. juli 2022 (83 år)

Tom Odd Haugland (fødd 3. september 1938, død 19. juli 2022) budde på Evje. Han etterlet seg barna Liv Hege Haugland, Dag Haugland og Eva Haugland, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Evje kyrkje onsdag 27. juli 2022 klokka 13.

Tom Haugland vaks opp på Evje. Han tok lærarprøva i Kristiansand i 1961 og var lærar både i Sannidal, på Flekkerøya og på Fiskå i Kristiansand før han kom heim att til Evje i 1971. Faga hans var tysk, norsk og samfunnskunnskap. Han var ein god lærar og nytta ekstra stoff for å aktualisere faget. Då han nytta det tyske vekebladet Stern i tyskfaget, reagerte konservative kristne negativt, noko som førte til den såkalla Stern-saka i skulen.

Midt på syttitalet var han leiar av fotballgruppa i Otra IL, og han spelte sjølv på A-laget der.

Kjelde[rediger]