Torfinn Brokke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torfinn BrokkeSymbol confirmed.svg
Torfinn Brokke.jpg
Foto: Merete Myrstad
Født: 9. februar 1981 (37 år)

Torfinn Brokke (fødd 9. februar 1981) er helikopterpilot og flygeinstruktør på helikopter. Han bur i Brokke og gjekk på Valle skule før han begynte på Kvitsund gymnas der han tok allmennfag frå 1997 til 2000. Deretter gjekk han eit år på Fjellhaug bibelskole i Oslo og tok samstundes førebuande prøver. Men det var flyging som var den store interessa hans, og han tok utdanningsprogram for felleseuropeisk trafikkflygarsertifikat på helikopter JAA CPL(H) på Pegasus Helikopterskole, Skien. Etter at han var ferdig der, var han teoriansvarleg (Chief Ground Instructor) same staden frå 2005 til 2007. Då hadde han ansvaret for planlegging, styring og koordinering av alle teorikurs ved skulen, opp til og med trafikkflygarnivå (JAA CPL). Samstundes flaug han for selskapet og fungerte i periodar som IT-ansvarleg.

I 2007 vart han engasjert som konsulent i Nordian AS og jobbar med utvikling og kvalitetssikring av utdanningsmateriell for trafikkflygarar i Europa opp til og med høgaste nivå (JAA ATPL) i samband med eit toårig prosjekt støtta av EU under Leonardo da Vinci-programmet som gjekk ut på å utvikle undervisningsmateriell for helikopterflygarar på høgaste nivå i Europa (JAA ATPL).

Frå 2008 til 2011 var han så teoriansvarleg (Chief Ground Instructor) i ScanAviation AS og hadde ansvaret for planlegging, styring og koordinering av alle teorikurs ved skulen, opp til og med høgaste trafikkflygarnivå (JAA ATPL). Samstundes arbeidde han som operativ flygar i selskapet og tok vidareutdanning som flygeinstruktør på helikopter - JAA FI(H)

Men nå er han assisterande skulesjef (Assistant Head of Training) i Fjellfly AS, eit selskap som han og er medeigar i. Han eig og enkeltmannsføretaket Brokke Aviation Services.

Kjelde[rediger]

  • Henta informasjon frå Torfinn Brokke sin CV