Svorvaren

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Svorvaren eller Svarvarnuten (1 378 moh) er eit fjell i Valle kommune. Det er eit av dei beste utsiktspunkta i Setesdalsheiene. Fjellet ligg på vestsida av Otra i nordenden av Holteheii.

Frå Riksveg 9 tek ein av ved Hallandsfossen, køyrer opp Bergsvegen og Hylesdalsvegen og parkerer nesten heilt innerst. Det er T-merka løype frå parkeringsplass til Stavskarhytta på 5,1 km med stigning på 294 høgdemeter, og 2,3 km avstand på kartet frå Stavskarhytta til Svorvaren med stigning på 384 høgdemeter.

I samband med Topptur Valle IL 2011 var Svorvaren ein av to toppar i Valle. Den andre var Ljomsnuten.

Historie

12. august 1923 hadde Valle og Hylestad ungdomslag tur til Svorvaren. Tarald Harstad tala. Knut J. Heddi spelte, og det blei dansa gangar. På hundreårsdagen for denne storhendinga, laurdag 12. august 2023, planlegg Setesdal Sogelag ny tur til Svorvaren.

Kjelder

Kart

Svorvaren.PNG