Topptur Valle IL 2011
Hopp til navigering
Hopp til søk
Topptur Valle IL 2011 var eit arrangement i regi av friidrettsgruppa i Valle IL. Det var lagt ut seks postar som skulle besøkast mellom 15. juni 2011 og 15. september 2011. På postane var det raudbrune eller grøne postkassar med bok og blyant. For å vere med i trekninga på fire gåvekort a 500 kr måtte vaksne over 16 år besøke alle seks postane, medan barn under 16 år måtte besøke fire postar.
Postane
- 1a Ljomsnuten (1268 moh)
- 1b Varden (1060 moh)
- 2a Svorvaren (1378 moh)
- 2b Stavskarhytta (994 moh)
- 3 Løefjødd (934 moh)
- 4 Flatestøylåsen (925 moh)
Kart og postomtale låg på Valle IL sine heimesider og på Velkomstsenteret i Valle kommunehus.