Straume bnr. 8-kverna
Hopp til navigering
Hopp til søk
Straume bnr. 8-kverna står ved sida av Kvinnåne på Straume i Hylestad, 100–200 meter ovanfor Straume kraftverk. Ho ligg ikkje i sjølve elveleiet. I staden blir vatnet til å drive kvernkallen leia gjennom ein kanal frå elva ned til kvernhuset. Kvernhuset er restaurert og i god stand.
Bnr. 8 på Straume hadde kverna saman med gardsbruket Mo på Hedde medan ho var i drift.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 190–192