Skuletid i Voilestø
Skuletid i Voilestø er eit kapittel i boka Barndomsminne frå Hornnesbygda, skrive av Nils Dåsvatn. Boka vart utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag i juni 2016. Ho er å få kjøpt på Norli Evje. Kapittelet er attgjeve slik det står i boka, med godkjenning frå forfattaren. Lenkene i denne elektroniske utgåva er lagt til i ettertid.
Skuletid i Voilestø
Sjølv om fritidsaktivitetane var mange, hadde og skulen ein viktig plass i livet til ein liten Horndøl. Eg var heile folkeskuletida elev ved Kjetså skule i Voilestø. Skulen låg som nevnt like ved Farmo, så skulevegen var ikkje lang.
Skulehuset låg på ei lita slette oppe i ein bakke med knausar og fjell omkring. Framfor huset mot sørvest var det slett, men på baksida var det bakkar, ufser og stup. Om det var pedagogiske omsyn som gjorde at horndølane plasserte skulen der, eller om det var tilfeldig, skal vere usagt. Eg har vore mange stader i landet, og har sett ein masse skular, men eg har aldri sett eit så fantastisk uteområde som i Voilestø. Det var brukbar fotballbane på sletta, idielt for å slå ball opp mot «Opsa», plass for paradislakking, stikkekasting og andre småleikar var det bak skulen eller på framsida. Det var bakkar til å renne på ski og kjelke for store og små. Bak skulen var det fint å klatre, leike indianer o.l. i dei bratte ufsene.
Så var det Voilane. Isen la tidleg, og det var grunt over alt. Me trampa veikis og gjekk ofte gjennom og blei våte, men det var ufarleg. Taut det vann gjennom skoreimholene når me kom inn, sende Sigurd oss heim for å skifte. Det kunne gå på helsa laus. Når isen var sterk, gjekk me på skeiser i friminutta. I Kleiva på postvegen kunne me renne på spark når det var fint vinterføre. Det var lite trafikk, og vegen blei ikkje strødd i dei dagar. Litt hestelort kunne rektig nok bremse litt på farten.
Skulebygningen
Bygget var lafta med liggande kledning. Gulmåla i mi tid, seinare kvitmåla. Stasleg låg det der. I første etasje var det tre klasserom etter kvarandre. Det var koselege rom med umåla tømmervegger. Rektig nok var det ein del sprekker i stokkane så me kunne sette blyanten der om me ville. Det var høgt under taket, og store vindaugo som gav godt lys. Gangen var lang og smal med knaggar på langsidene, og i enden sto ein svær vedkasse. Gangen blei brukt til gymnastikksal.
Det var sparsamt med utstyr i klasseroma. Det var tomanns pultar, eit høgt kateter og eit bord. Bak kateteret var det ei svart tavle og eit kartstativ med tre – fire kart. På golvet sto ei plansjekasse og eit skåp for læremiddel. I skåpet var det skrivesaker og ymse naturfag læremiddel. Det var ei flaske med kviksylv, nokre magnetar, skålvekter, ein hoggorm og Sigurds blindtarm på sprit. I nedste hylla sto skuleboksamlinga. Det var ikkje så mange bøker, men dei blei flittig lest. Me hadde visst nok og eit Tellurium med lunarium så me kunne studere jordas og månens gang i solsystemet.Til oppvarming sto det ein stor Bjørnovn i kvart klasse rom. Framfor ovnane sto det ein høg blekkskjerm, så det ikkje skulle bli for heitt for dei som sat nærast.
I andre etasje var det to husvære, ei stor for lærarar og ei mindre for lærarinner. Det var slik på den tida. For familiar med fleire born, var det nok trongt om plassen, men det var greie rom. Etter det eg kan hugse, var det berre ein lærar som brukte eit av husværa, det var Andrea Drangsholt. Elles budde det familiar der. I tredje etasje var det eit stort ope loft som gjekk over heile huset. Der kunne me leike og springe og tørke tøy. Under huset var det full kjellar.
Doen
Doen i Voilestø var ein skikkelig god utedass. Stygg og fæl å sjå på. Den sto der lang og smal Høg på mur, med skråtak, umåla og grå i mi tid. Det var fem dører, Ei dør for jentor, ei for gutar, ei for lærarar og ei for dei som budde i andre etasje. Dei to siste var det lås på. Den femte døra gikk til tissedoen. Utstyret i doene var enkelt. Det var ein skråbenk med hol i, og ei hylle bak til avispapir. Stakk ein hovudet nedi, var det utsikt til alle kantar og det var godt fall. Tissedoen var spesiell. Det var ein brei sprekk i golvet mot den eine veggen. Over sprekken var det ei blekkplate. Den skulle ta av for verste støyten. Men den var for låg. Det var plass til fleire der om gongen, og det baud ofte til konkurranse. Kven nådde høgast? Blyantstrek på veggen kunne tyde på oppnådde resultat.
Imma og Kari
Ingeborg Abusdal, Imma, var første læraren min. Eg kjende ho godt frå før, for eg voks opp i skulehuset. Eg hugsar ho sa: «Eg trur du kan børje å reikne med ein gong, for du kan talane.» Eg hugsar ikkje så mykje frå den første hausten. Men ved juletider vart Imma sjuk, og ho døydde ut på vinteren. Det var svært trist. Me følgde i gravferda. Eg hugar berre at ein frå Krossen heldt på å falle i grava da han ville ta ein snarveg. Imma blei berre 55 år.
Etter Imma kom Kari Hornnes. Ho var ung lærar, berre vel tretti år. Eg blei veldig glad i henne. Ho var så fin. Det hende eg bad om hjelp, sjølv om eg fekk det til. Det var så gildt når ho sat ved sida mi. Eg lærde å lese nokså fort, og reikning likte eg godt, men eg skreiv stygt og likte ikkje å teikne. Kari blei ikkje så lenge på skulen hjå oss. Ho blei tilsett som lærar på Tromøy, og der var ho resten av si tenestetid.
Salve
Det var vel i 3. klasse eg fekk Salve Uleberg til lærar. Første dagen med Salve hugsar eg godt. Han hadde med seg sonen Kjell. Me var like gamle. Me var begge to litt sjenerte og usikre, og målte kvarandre. Me prøvde å kjekke oss som best me kunne. Kjell fekk sjå fingrane mine og kom med ein merknad om dei. Det var på den tid eit ømt punkt, så eg rauk på han og ville gje han juling. Det blei eit durabelt basketak. Me rulla rundt på marka, og det endte med at Kjell skadde seg og børja å gråte. Salve kom ut og fekk sjå dette. Eg venta ei kraftig skrape, men Salve sa berre: «Den som er med i leiken, må tåle steiken». Han fekk ei høg stjerne hjå meg den dagen.
Salve var ein gild lærar. Han hadde godt humør, kraftig sangstemme og lukta sterkt av tobakk. Han røykte kvart frikvarter, men det var lovleg på den tida. Han var grei som lærar, og lo godt når det var nokre gøye stykker i leseboka. Eg hugsar serleg han likte godt eit stykke om Ole Pedesen tømmermerker. Kanskje avdi han hadde vore tømmermerkar sjølv i 25 år. Eg lærde gangetabellen i Salves tid. Han lovde ut den største pæra me kunne finne på Samvirkelaget til den som lærde gangetabellen først. Grådig som eg var, vann eg pæra, ho kosta 10 øre. Eg slo son til Salve, Kjell, med ein dag.
Sigurd
Men likevel; det er tida i storskulen eg hugsar best. Då fekk me Sigurd til lærar. Sigurd var ein klok og flink lærar som me både likte og respekterte. Me var stort sett gode vener. Undervisninga hans var god. Det var interessant å høyre på han, og han gav oss greie arbeidsoppgåver Han gav oss utfordringar så vi måtte skjerpe oss, og han kunne oppmuntre eller kritisere alt etter korleis arbeidet blei utført.
Sigurd var allsidig og kunne gjere stoffet interessant. I kristendomstimane var han ein meister til å forklare kristne sannheter. Ofte henta han «døme frå Romsdal» når han skulle forklare kva som var rett og galt. Kristendom var noko som skulle levast her og nå. Me skulle ikkje tenke så mykje på det hinsidige. Han kunne kunsten å fortelje, særleg hugsar eg sogetimane. Eg las ikkje mykje på leksene i orienteringsfaga, men eg høyrde godt etter når han fortalde, og eg trur eg lærde det meste. Hans store sogeinteresse var nok det som hende i Norge i tida 1814-1905. Han fekk oss og til å bli glade i matematikk. Gode forklaringar og gode prøver fekk oss til å henge i.
Gymnastikkundervisninga var spesiell. Berre unntaksvis hadde me innegymnastikk i den lange gangen. Det var stort sett: Oppad strekk og nead bøy. Men var det fint ver, fekk me god trening i terrenget rundt skulen. Me slo ball, sparka fotball, klatra i fjellknattene rundt skulen. Alle former for leik var det plass til. Om vinteren hadde me fleire skibakkar like ved skulen. Me kunne og gå på skeiser når det var is, og me rende på spark i kleiva like ved skulen. Me hadde og konkurransar, så motivering for å halde oss i form mangla ikkje; me var svært aktive. Rett som det var, kom Sigurd og Salve ut og var med oss i leiken, særleg likte dei å slå ball. Det var i det heile ein lett og god atmosfære på Kjetså skule i dei dagar, slik eg hugsar det.
Andrea
Lærarinna Andrea Drangsholt hadde ikkje eg som lærar på skulen. Ho hadde småklassane og dei store jentene i handarbeid. Andrea var flink og grei, ho var samvittighetsfull og gjorde eit grundig arbeid i småklassane. Ho lærde borna god folkeskikk og fin talemåtar. Me gutane tykte ho var litt prippen og nøye på det. Barna måtte ikkje sei dei skulle på do, dei måtte sei dei skulle «gå i gården», og doen som me kalla «dassen» kalla ho «der henne». Men dei som hadde henne som lærar, likte henne godt. Ho tykte nok at me, dei store gutane var i tøffaste laget. Me laga nok kraftig bråk i blant. Ho uttrykte seg så sterkt mot oss ein gong at ho meinte at «folk på garden måtte rømme».
Ein annan gong hadde ho verkeleg grunn til å vere morsk. Glaset til soveromet hennar sto på gløtt. Det var kram nysnø den dagen og me leitte etter blinkar. Det var ikkje lett å treffe det vesle holet, men me greidde det. Då ho kom opp og fekk sjå resultatet, blei det stor sjau. Senga var full av snø! Ho raste, og ville ha greie på kven det var som hadde gjort det. Men i den alderen tilsto ein berre når klare bevis låg på bordet. At senga sto rett innanfor glaset, visste me ikkje. Sengene sto ikkje der då eg låg på det romet.
Skulekameratar
- Sjå stort klassebilete i Kjetså skule 1937-1938
I storskulen var det liksom fleire ting som blei meir tydeleg og viktig. Det sosiale, kven ein var saman med, fekk større plass. Ein børja å sjå på jentene på ein annan måte. Det var så gildt at dei var der, og det var ein fin flokk. Mimmi, Ingerid, Klara, Agnes, Reidun, Kari, Ingebjørg m. fl. Det var spennande med dei. Litt avstandsforelskelse var det, men det skifta nok litt kven det galdt, og me heldt det for oss sjøl. Det var ikkje så vanleg med kjærestar i barneskulen på den tida. Det er annleis nå. Men kunne me få ei jente til å sitje på sparken, så var det gildt.
Kameratane i klassen blei viktigare etter kvart. Me fann på ting saman, og då var det om å gjere å kome saman med dei som hadde like interesser. Me fann på litt av kvart. Me overbaud kvarandre ofte, og små fantestrek blei det mykje av. Me skar med kniv i vinduskarm og pultar. Me «kveste» kanskje opp ein heil blyant på ein time, kasta viskelær på ein sidemann, eller la vann eller tegnestifter på stolane der folk skulle sette seg. Av og til laga me stygge lyder i ventilen inn til naboklasseromet der jentene hadde handarbeid. Av grovare ting kan eg nemne at me kasta på stikka om pengar i friminutta, og rett som det var tok me oss ein røyk. Verst var det kanskje at me erta nokre elevar. Det heitte ikkje mobbing då, men eg vart lei meg då eg 50 år etter at eg hadde slutta skulen, fekk greie på av ei jente at ho hadde vore redd meg då me gjekk saman. Ho kom frå ein annan skule i bygda. Eg må vedgå at eg ofte var i tøffaste laget. Men store sprell gjorde me ikkje, og stort sett kom me godt ut av det med kvarandre.
Ein trist slutt på skulelivet i Voilestø
Det var krig dei siste åra av mi skuletid. Utan om skulen hende det lite av interesse for oss, så skulen var beste staden. Me skjønde godt at Sigurd var ein god patriot. Han likte ikkje tyskerane. Me var litt redde, for nokre av elevane hadde nazisympatisørar til foreldre. Det gjekk ikkje betre enn at i 1945 blei Sigurd arrestert og sendt til Grini. Då gjekk me i framhaldsskulen, og fekk berre eit halvt år. Ein litt trist slutt på skuletida i Voilestø.