Skjerka kalkanlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skjerka kalkanlegg 21. oktober 2017.

Skjerka kalkanlegg er eit kalkdoseringsanlegg i Skjerka rett nedstraums Uleberg kraftverk i Dåsvannsdalen i Hornnes. Byggherre er Evje og Hornnes kommune. Kommunen har også ansvar for drift og vedlikehald av anlegget. Men byggekostnadane blei dekka av Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Smeland Byggservice stod for oppføring av anlegget (2017). Grunnarbeida blei utførte av Austenaa Transport.

Eit tilsvarande anlegg ligg litt lenger nord i Dåsvannsdalen, ved Engen bru. Dei to anlegga skal sikre jamnt, naturleg pH-nivå i Dåsånavassdraget, som frå gamalt av er eit naturleg gyte- og leveområde for byglandsbleka. Automatisk styring skal syte for å tilføre rett mengde kalk til elva i forhold til målt vassføring og pH.

Kjelder[rediger]