Austenaa Transport

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Austenaa Transport vart etablert i 1944 då Olav Austenaa starta firmaet med ein Oldsmobile lastebil. Sidan har bedrifta hatt bilar av merke Chevrolet, Bedford, Magirus og Volvo. Dei har opne og lukka bilar, kranbilar, kapellbil, flisbil og transporterer asfalt, flis, trelast, stein, grus, sand og jord. Olav Austenaa døydde i 1985, då overtok sonen Magne Øyvind Austenaa som dagleg leiar. Men frå 2017 er det Ole Jakob Austenaa som er ansvarleg for 11 tilsette. Selskapet har drive tømmerkjøring for Byglandsfjord Sag frå 1986. Frå 1. september 2018 fekk selskapet ansvar for vedlikehald på riksveg 9 og fylkesvegar frå Bygland til Kilefjorden og frå Sveindal til Vegusdal i fem år framover.

Sverre Leif Lien og Øystein Rokoengen hadde kjørt for selskapet i over 30 år i 2018.

Sommaren 2024 blei firmaet miljøfyrtårn-sertifisert. Samstundes feira dei 80-årsjubileet med å kjøpe ein ny Volvo FH16.

Kjelder