Skåmåne
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skåmåne er ei ca 10,75 km lang elv ved Skomedal, mellom Storstraumen og Ose, på vestsida av Byglandsfjorden (Åraksfjorden) i Bygland. Ho kjem frå Skåvatnet på heia vest for Skomedal. Derfrå renn ho sørover gjennom Skåmedalen og forbi det store myrområdet Skomefita. Så svingar ho mot aust og renn gjennom ein bekkedal forbi Tverrfjellet, før ho svingar mot nord-aust det siste stykket og renn ut i fjorden rett sør for busetnaden på Skomedal. Det går privat skogsbilveg (bomveg) langs store delar av elva.
Kjelder
- Kartet 10010 Bygland i Norge-serien, Kartside 32F03
- Reidar Tveito, Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, andre del - Bygland kommune, utgjeve på eige forlag, 2011, side 14–19
- Faktaark om skrivemåten hos Statens Kartverk