Siri Berntsdotter Fidje
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Siri Berntsdotter Fidje | ||
|---|---|---|
| Født: | 1849 | |
| Død: | 1938 (alder 88–89) | |
Siri Berntsdotter Fidje (f. Haugen 1849, d. 1938) var gardbrukarkone i Breisåsen i Vegusdal, Dalane i Herefoss og Songe aust for Arendal. Ho var fødd i Haugen (bnr. 4) i Evje. Foreldra var Bernt Osmundsen Haugen (f. 1806, d. 1895) og Kjersti Madsdotter Haugen (f. Syrtveit 1805, d. 1894).
I 1873 var det stelt i stand til bryllaup i Haugen. Siri skulle gifte seg med ein mann frå Evje. Kvelden før bryllaupet dukka gamlekjærasten Gunder Klemmetsen Fidje opp i Haugen, på den svarte hesten sin Breisås-Svarten, og fekk med seg Siri heim til Breisåsen. Hendinga er seinare kalla «Bruderovet i Evje».
Siri og Gunder gifta seg i 1874, i Evje kyrkje. Dei fekk åtte born saman, og har ei lang rekke etterkomarar på Sørlandet og i verda ellers.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, side 176-177