Gunder Klemmetsen Fidje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunder Klemmetsen Fidje
Født: 1844
Død: 1916 (alder 71–72)

Gunder Klemmetsen Fidje (f. 1844, d. 1916) var gardbrukar i Breisåsen i Vegusdal, Dalane i Herefoss og Songe aust for Arendal. Han var gift med Siri Berntsdotter Fidje (f. Haugen 1849, d. 1938). Giftarmålet fann stad etter at Gunder hadde henta Siri i Haugen i Evje, kvelden før ho skulle gifte seg med ein annan mann. Dette skjedde i 1873. Det er seinare kalla «Bruderovet i Evje».

Siri og Gunder gifta seg i 1874, og fekk åtte born saman. Det er ei lang rekke etterkomarar etter dei på Sørlandet og andre stadar i verda.

Kjelder