Sandpiper
Sandpiper var ein militær operasjon som blei sett i verk i Milorg sitt Distrikt 18 (Agder) frå desember 1943. Ei gruppe på fire kommandosoldatar vart 10. desember 1943 sleppt ned frå fly aust for Monsvatna i Langeidsheia i Setesdal Vesthei. Dei var Jens Ropstad (leiar), Jacob Eikanger (nestkommanderande), Arthur Fosse (våpeninstruktør) og Leif Bjørn Tofte (telegrafist). I tillegg til karane blei det droppa elleve konteinarar og seks pakker med utstyr. I fleire kjelder er det sagt at flysleppet var ved Monsevann mellom Bygland og Åseral. Truleg er det ei mistyding av geografien.
Oppgåvene var mellom anna å opprette radiosamband mellom landsdelen og Forsvarets Overkommando i Storbritannina, drive instruksjon i våpenbruk og geriljateknikk i samarbeid med distriktsleiinga i Milorg, reorganisere kampgrupper, legge til rette for sabotasje av kommunikasjonar, finne eigna slepplassar for våpen og utstyr og ta imot og lagre dette. Dei skulle kort sagt freiste å bygge opp att motstandsarbeidet i landsdelen, etter at det hadde vore meir eller mindre lamma sidan opprullinga av Laudalsorganisasjonen i 1943.
Ei hytte i Lægerdalen blei nytta til eit førebels kvarter. Søndag 12. desember 1943 gjekk gruppa vidare til Trosbu ved Trosvatn, som var det planlagte første kvarteret. Dei næraste dagane brukte dei til transport av proviant og utstyr frå droppeplassen. Det var svært slitsamt arbeid. Seinare flytta karane seg sørover til ei hytte i Kålvedalen, om lag fem kilometer nord-aust for Austegard i Åseral. Her blei hovudkvarteret oppretta. Dei fekk setta opp ein radiostasjon med kontakt til England. Arbeidet med å bygge opp ein ny militær geriljahær i området kunne ta til.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 550–556
- Kristen Taraldsen, Med livet som innsats, utgjeve på Agdin Forlag, Arendal 1985, side 7–11
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Vest-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940–1945, Friluftsforlaget, 1. utg. 2021, side 399, 411
- Johnny Haugen, Flyslipp-operasjoner på Agder 1940–45, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 199–231