Leif Bjørn Tofte
Leif Bjørn Tofte | ||
---|---|---|
Født: | 17. mars 1919 | |
Død: | 9. november 1944 (25 år) |
Leif Bjørn Tofte (fødd 17. mars 1919, død 9. november 1944) var radiotelegrafist og med i Kompani Linge under andre verdskrigen.
10. desember 1943 blei Tofte saman med tre andre kommandosoldatar sleppt ut frå fly i fjellheimen ved Monsvatna i Rysstadheia/Langeidsheia i Setesdal Vesthei (Operasjon Sandpiper). Gruppa etablerte hovudkvarter for heimestyrkane (Distrikt 18) i ei hytte i Kålvedalen nær Austegard i Åseral.
9. november 1944 gjorde tyskerane ein aksjon mot hovudkvarteret. Ved sida av Leif Bjørn Tofte var Eric Bentsen (XU-agent/Milorg-gruppeleiar) og Alf Øyvind Andersen (telegrafistelev) i hytta då. Dei tre blei overrumpla, men tok opp kampen. Leif Bjørn Tofte døydde i skotvekslinga. Eric Bentsen blei hardt skadd av skot i overarmen. Alf Øyvind Andersen måtte til slutt overgi seg.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Vest-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940–1945, Friluftsforlaget, 1. utg. 2021, side 394–397