Kålvedalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Kålvedalen er eit lite dalføre sør-aust for Juvatn i Åseral.

I 1944 hadde Milorg på Sørlandet hovudkvarteret sitt i Åseral. I ei hytte i Kålvedalen låg XU-agent/gruppeleiar Eric Bentsen frå Halse og Harkmark, telegrafistelev Alf Øyvind Andersen og telegrafist Leif Bjørn Tofte (Sandpiper). Tyskerane foretok ein stor aksjon mot hytta 9. november 1944. Dei tre gjorde sterk motstand. Leif Tofte blei skoten og drepen. Eric Bentsen blei hardt såra av eit skot i armen. Alf Øyvind Andersen kom uskadd frå dramaet. Etter at aksjonen var over blei Tofte boren inn i hytta, og hytta blei sett fyr på.

Kjelder

Kart

Laster kart...