Rune & Margit & Moi - I Setesdals kulinariske skattkammer

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Rune & Margit & Moi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslagsfoto.
Foto: Anders Martinsen

Rune & Margit & Moi - I Setesdals kulinariske skattkammmer er ei bok om matkulturen i Setesdal, og om kulturen elles, naturen og menneska i dalen. Ho er utgjeve av Vigmostad & Bjørke forlag, Bergen, i 2015. Forfattarar er Jan Hedenstad og Frode Verpe. Det er ei lang rekke oppskrifter på tradisjonsrike matrettar i boka. Ho er også pryda med mange vakre bilete. Fotograf er Anders Martinsen. Design er ved Håvar Rysstad. Boka er i stort format, og har 250 sider. Ho er skrive på bokmål.

Til grunn for boka ligg ei reise som tradisjonsberaren Margit Dale frå Valle, komikaren Rune Andersen frå Kristiansand og meisterkokken Trond Moi frå Kvinesdal gjorde i Setesdal i 2014 og 2015. I eitt år reiste dei rundt i dalen for å oppleve ein eldgamal matkultur som lever sterkt den dag i dag. Frå sine ulike ståstader nærma dei seg tradisjonane og menneska i den utilgjengelege dalen som vart verande i middelalderen medan resten av Noreg gjekk vidare, heiter det på bokomslaget si bakside.

Innhald

  • Forord
  • Fra grunnfjell til kraftrikdom
  • Sau i Setesdal
  • Daniel Oddeskar
  • Hallvard T. Bjørgum - Om fele og får
  • Støylslivet - en nødvendighet
  • Ingebjørg Vegestog Homme - Første jente med bukser
  • Gamle ferdselsveier
  • Ose - et lite sted der mye skjer
  • Rune: Mitt Setesdal
  • Den har fødd opp flere enn den har slått i hjel
  • Tusenkunstneren - Folke Nesland
  • Dagligliv
  • Tradisjonsbakst og kornmat
  • Fanget av Byglandsfjorden
  • Anne Grete Haugå - «Naturen er gavmild»
  • Bær, urter og vekster
  • Sondov fra Bjåen
  • Fjellfiske - en del av livsgrunnlaget
  • Villreinjakt i tusener av år
  • Bygdekvinnelaget - En tradisjonsbærer
  • Setesdalsbryllup
  • Mesteren av malt
  • Vinterbyen Hovden
  • Jul i Setesdal
  • Rune: Folk jeg har møtt
  • Oppskriftsregister
  • Kart over Setesdal
  • Kilder