Riksvei 12 X-pressen
Riksvei 12 X-pressen var ei avis som kom ut på byrjinga av 1970-talet. Mannen bak tiltaket var Ragnar Olsen i Kristiansand, og tanken var ei abonnementsavis med tyngde på reklamestoff, og med eit dekningsområde mellom Øvrebø og Hovden. Namnet knyter seg til vegnummeret som Setesdalsvegen fekk den 12. juni 1965.
Avisa fekk ei kort levetid[endre]
Dei to fyrste utgåvene vart trykt i 4500 eksemplarar, og dela ut gratis til folk i dalføret. Desse utgåvene var på 16 og 8 sider, men om det kom ut fleire utgåver enn desse er uvisst. Freista ein å teikna abonnement, fekk ein til sist melding om at avisa kom til å gå inn, sidan andre ting var på gang. Som kjent for mange, så kom Setesdølen ut med sine fyrste prøvenummer i 1974.
Innhaldet var variera, men med hovudtyngde på reklame frå verksemder mellom Kristiansand og Hovden. Kjende og ukjende skribentar hadde bidrege med eit vidtfemnande stoff om velkjende og ukjende ting.
Innhald i nr. 1[endre]
- Framsida
- Innhaldsoversyn
- Side 2
- Ragnar Olsen: Setesdalen
- Nokre vers av Årdalsvisa
- Side 3
- Torjus Åkre: Sæbyggjen, fyrste lokalblad for Setesdal
- Side 4 og 5
- Reklame
- Side 6
- Hva skjer i Setesdalen. Om Hovden Høyfjellshotell
- Side 7, 8, 9 og 10
- Reklame
- Side 11
- Ikke de lyse utsiktene for jakt på Sørlandet
- Side 12 og 13
- Torleiv H. Bjørgum, Hylestad: Sølvsmedkunsten, en eldgammel tradisjon i Setesdalen
- Side 14, 15 og 16
Reklame
Innhald i nr. 2[endre]
- Framsida
- Innhaldsoversyn
- Side 2
- «Hytteby» ved Sangeslandvannet?
- Side 3
- Ornamenttegning som hobby... Tilbud til gamlehjem i dalen. Riksvei 12 X-pressen innbyr til kurs
- Side 4
- Side 5
- Fotokonkurranse. Evje Kameraklubb innbyr til 7 konkurranser i tida 15. november til 15. mai
- Side 6
- Side 7
Reklame
- Side 8
- Da reinsdyret ikke ville dø. Olav Jeiskelid fortel
- Bli abonnent. Avis kvar månad i eit år for kr. 24.-
Kjelde[endre]
- Riksvei 12 X-pressen