Otra Elvepark

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Otra Elvepark er ei fellesnemning på aktuelle og potensielle areal, anlegg og ferdselsårer for friluftsliv langs Otra mellom Kristiansandsfjorden og Bjåen. Namnet blei først lansert i 1988, i Kristiansand. Det var då brukt om alment tilgjengelege friluftsområde langs vestsida av Otra mellom Kristiansand sentrum og Straisbekken. I ein mogelegheitsstudie utført av Midt-Agder Friluftsråd i 2019-2020, er omgrepet nytta om heile strekninga frå Kristiansand til kjeldeområda for Otra heilt nord i Bykle.

Kjelder