Oseloftet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Oseloftet er eit bur som stod på gardsbruket Ose bnr. 1 på Ose i Bygland til vinteren 1912-1913. Då vart det flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Det var eigaren Gunnar D. Ose som selde buret ved kontrakt 17. september 1912. På Norsk Folkemuseum er Oseloftet ein del av Setesdalstunet i friluftsmusèet.
Oseloftet skal vere bygd av tømmermannen Knut Torjusson Helle frå Helle i Hylestad. Han døydde i 1766, 70 år gamal. Buret må såleis vere bygd i tida rundt 1750. Etter Gisle Midtun kunne Knut Torjusson regnast som ikkje bare ein av dei beste tømmermennane i Setesdal, men kanskje i heile landet. Det skal også vere Knut som sette opp det andre buret på bnr. 1, om lag samstundes som han bygde Oseloftet, og som står på garden den dag i dag.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 510
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 145-147