Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 1)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Våningshuset og loftet som står igjen på bnr. 1.

Ose er eit gardsbruk (gnr. 15 bnr. 1) på Ose i Bygland. Husa på bruket ligg like på vestsida av Riksveg 9, rett sør for Ose sentrum. Buret mellom våningshuset og uthuset er bygd ca 1750, og er vedtaksfreda. Det kjende Oseloftet og Oseløa stod også på dette bruket. Men Oseloftet er no på Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og Oseløa står på Bygland museum. Bruket har store heievidder mot vest, og mykje av Osefita høyrer også til bruket. Dreng Ose (fødd 1982) eig gardsbruket i dag.

Historie[rediger]

Ose var eitt bruk til rundt midten av 1500-talet. Då blei garden delt mellom Orm og Gunnulv. Orms bruk blei seinare bnr. 1. Bruket var udelt heilt til etter 1920, då ein del parsellar blei skilde ut. Same slekta har site på bruket i alle år fram til i dag.

Meisterspelemannen Dreng Ose budde på Ose bnr. 1. Han var bestefar til dagens eigar med same namn.

Kjelder[rediger]