Ose brygge

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle brygga på Ose 23. juli 2018.
Ose med brygga og Reiårsfossen i bakgrunnen 9. juni 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Ose brygge ligg like sør for Ose bru, på grunnen til bnr. 1Ose. Frå 1869 til det var slutt på dampbåttrafikken på Åraksfjorden la DB Bjoren og DB Dølen til ved brygga.

Kring 1900 blei det sett opp eit pakkhus på toppen av bakken ovanfor brygga. I 1912 blei det gjort utbetringar. Det kom skjenegang frå brygga opp til pakkhuset. Då kunne varer trekkjast opp bakken, og det blei enkelt å frakte ved ned til båtane. Kring 1915 kom det ny brygge noko lenger sør enn den gamle.

Kjelder

Kart

Laster kart...