Frå kveg til cruise - DS Bjoren 150 år

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Framsida til heftet.
Foto: Leonhard Jansen/Setesdalsmuseet

Frå kveg til cruise - DS Bjoren 150 år er ei jubileumsbok utgjeve i 2017 om historia til dampskipet DS Bjoren, som gjekk på Kilefjorden 1867-1896 og på Byglandsfjorden etter at Setesdalsbanen opna i 1896. Forfattar er Torgeir Moseid. Utgjevar er Setesdalsmuséet. Boka er nr. 4 i Råbyggjeserien til muséet. Formgjeving og trykk er ved Setesdalstrykk. Fotoredigering og bilettekst er ved Leonhard Jansen. 64 sider. ISBN 978-82-92541-15-9.

Ved sida av historia om DS Bjoren, har heftet ein gjennomgang av samferdslehistoria i Setesdal og mange historiske opplysningar om andre samfunnsområde. Til slutt er det ein gjennomgang av kva som skjedde då skuta blei restaurert, og fekk nytt liv som «cruisebåt» på Byglandsfjorden i nyare tid. Boka er pryda av mange historiske bilete.

Kjelder[rediger]