Oddeskar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Oddeskar er ein gammal husmannsplass vest for Otra, om lag ein kilometer nord for Bjørnarå. Husmannsplassen lå under storgarden Dale og vart etablert på 1700-talet. I dag høyrer han til bruket Systog Dale. I 1860 budde Daniel Oddeskar her, og han vart angripen av bjørn som øydela ansiktet hans. Kona Ingebjørg Oddeskar oppdaga kva som skjedde og skreik så vilt at bjørnen forsvann. Resten av livet gjekk Daniel med ei maske.

I 2012 har Frode Verpe og Margit Dale bygd opp ei moderne hytte for å drive gardsturisme her. Hytta har himmelseng frå 1800-talet og ein kan få tradisjonsmat på døra om ein ynskjer.

Kjelde[rediger]