Nordenå pråmen 1808

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Åraksbø og Frøysnes i 1985.
Nordenå pråmen i 1972.

Det var i 1808 Tarjei Olavson Nordenå (1788) drukna då pråmen hans sokk utanfor Heimre Oddan der pila peikar på det øvste biletet. Det er fortalt i Gamalt or Setesdal om denne hendinga som mange kjende til. Hausten 1972 hadde fjorden veldig låg vannstand og då ville Torbjørn G. Haugen ned til fjorden og kikke etter pråmen. Han oppdaga den i området der den skulle vere, og det tok ikkje lange tida før han gjekk og henta Hallvard Eldhuset , Knut Eldhuset og Ånund Eldhuset. Dei tok med traktoren og trekte pråmen på land. Så blei pråmen frakta til Bygland der han blei liggjande på graset utanfor Røykstoga. Så blei den sendt til Vennesla for konservering. Sidan veit ingen kvar den er, same lagnad som Topsæ stokkebåten. Det nedste biletet viser pråmen etter at den hadde kome på land. Ein kan sjå lyse flekkar framme og bak i båten der det sannsynlegvis har lege leire. Det låg flate steinar i pråmen som han skulle ha til å mure omn.

Kjelder