Nils Peder Kjetså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils Peder Kjetså
Født: 4. desember 1942
Død: 18. september 2008 (65 år)

Nils Peder Kjetså (fødd 4. desember 1942, død 18. september 2008) var misjonsprest i Hong Kong og seinare prest ulike stader i Norge. Han var student frå Hornnes landsgymnas i 1963 og tok teologisk embetseksamen på Menighetsfakultetet i 1969. Etter teneste som feltprest reiste han til Hong Kong i 1971. Frå 1976 til 1980 var han i Thailand før han kom tilbake til Hong Kong i 1982. Frå 1984 til 1990 var han kretssekretær for NMS i Bergen, deretter vart han sokneprest i Fridalen etter at han hadde teke praktikum på Universitetet i Oslo i 1986. Frå 1996 var han sokneprest i Gjerstad. Han tok også pastoralklinisk utdanning på Modum i 1990.

Foreldra til Nils Peder var Jon P. Kjetså og Dagny Kjetså (fødd Nilsen). Han hadde brødrene Harald Kjetså, Jon Dagfinn Kjetså og Magne Kjetså.

Kjelder[rediger]