Nils Mørk Nicolaysen (1874)
Nils Mørk Nicolaysen | ||
---|---|---|
Født: | 7. oktober 1874 | |
Død: | 12. november 1935 (61 år) |
Nils Mørk Nicolaysen (fødd 7. oktober 1874 på Brastad i Tjøtta, død 12. november 1935), var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje.
Nicolaysen kom til Evje for å arbeide i nikkelgruva. Rundt 1916 kjøpte han tomt av gruveselskapet og bygde ei stor brakke i Gruvekleiva, mellom Flatebygd og gruva. Huset var delt opp i mange små hyblar, og bebuarane var delt inn i eit kokkelag. Seinare blei det helst familiefolk som budde her. Men det var alltid mykje folk i huset. Sonen til Nils, Georg Mørk Nicolaysen, budde fast i dette huset.
Nils Nicolaysen blei hardt skadd i ei ulukke nede i gruva. Men han kom seg igjen, og var bas nede i gruva. I 1930 skjedde det ein veldig eksplosjon i Storknusaren oppe i dagen. Bakgrunnen var at ein 15 kilos sekk med dynamitt var blitt liggande att i botnen av malmvogna før dei lasta ho full av stein nede i gruva. Då steinen blei tippa i Storknusaren oppe i dagen, eksploderte dynamitten og øydela Storknusaren. Nicolaysen var bas nede i gruva denne dagen, og fekk skulda for ulukka. Han fekk aldri bli bas igjen. «Nicolaysen var ein uvanleg dyktig fagmann, og hadde det bare gått ei tid, ville alt ha blitt gløymt, og han ville ha fått stillinga si igjen, men det fekk han ikkje oppleve», skriv Sigmund Monen i storverket sitt om gruvedrifta i Setesdal.[1]
I staden døydde Nicolaysen 12. november 1935 etter ei tragisk ulukke ved gruva. Han arbeidde på ein demning til det store, kunstige vassbassenget i myra rett bak (vestafor) sine eigne uthus i Gruvekleiva. Han kom trillande på ei vogn tungt lasta med stein som han skulle tippe ut i det to meter djupe bassenget. I det han tippa vogna, blei beltet hans truleg hengande fast i ein krok på gruvevogna, og han rasa ut i dammen saman med vogna. Det vart straks slege alarm. Men vatnet var to meter djupt og og svært grumsut. Det var ikkje mogeleg å få han opp så lenge beltet hang fast i vogna. Det tok tre timar å få han opp, men då var han død.[2]
Nils Mørk Nicolaysen etterlot seg kona Gudny Nicolaysen og fire vaksne barn. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.[3]
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 383–384
- ↑ Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 383, 2. spalte
- ↑ Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, side 51