Spisekroken
Spisekroken er ei sal-, serverings- og cateringbedrift på Evje, som held til i det gamle bakeriet på Evje. Spisekroken opna 16. april 2012 og sel skulebrød og bollar, kringle og brød, pizzabollar, kaffi og anna drikke. Heidi Ose eig og driv verksemda. Systera Linda Ose er og tilsett i verksemda på fulltid. Malene Strandmyr er fast lørdagshjelp og i feriar. Siren Hasseldal er ekstrahjelp.
Heidi Ose baker ikkje sjølv, varene får ho frå bakeriet Knut Moseid i Vennesla, men baguettar og horn og catering vert ordna frå Spisekroken.
Opningstidene er frå klokka 9 til 17 kvar dag, men til 18 på fredagane. Laurdag er butikken open frå klokka 10-15. Bestillingar kan ein gjere i telefon 9588 8907.
På nyåret 2017 utvida verksemda med ei smultringbu i Sørlandsparken i Kristiansand. Vidar Madsen har ansvar for bua.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Spisekroken på Evje opna i går. Artikkel i Setesdølen nr. 30, 2012 side 8
- Annonse i Setesdølen nr. 31, 2012 side 12
- Spisekroken med smultringar i Sørlandsparken, stykke i Setesdølen nr. 6, 2017, side 4