Mariann Uleberg
Mariann Uleberg![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 18. februar 1985 (40 år) |
Mariann Uleberg (fødd 18. februar 1985) frå Hovden studerte musikk på Berklee College of Music i Boston. Elektrisk- og stålstrengegitar er instrumentet hennar. Ho spelar aktustisk, men ikkje klassisk. Etter ungdomsskole i Bykle gjekk ho på musikklinja på Valle vidaregåande skule. Frå Valle reiste ho til Oslo og gjekk på Høgskolen i Staffeldtsgate, studiet musikk, menighet og ledelse. Deretter hadde ho lyst å reise til utlandet, og då vart det USA ho valde, «der er det ingen jantelov, der er dei gode til å oppmuntre kvarandre. Det er lov å vere flink og å vere frampå for å nå langt», sa ho i samtalen med Bjørgulv T. Berg i Valle Radio.
Det fyrste ho starta å spele var trommer i korpset i Bykle. Ho lærte å spele hardingfele av Marton Laksesvela, og let seg ofte inspirere av folkemusikk til eigne komposisjonar. I framtida vil ho prøve å leve av spel og komponering, men og å undervise i gitarspel. Ho byggjer og reparerer gitarar saman med mannen sin. Førebileta hennar er mellom andre Knut Reiersrud.
I 2004 fekk ho Otra Kraft-stipendet.
Komposisjonar
- Tappeslåtten
- Nyslått
- Vesterdalsheia
Kjelder
- Samtale mellom Bjørgulv T. Berg og Mariann Uleberg i Valle Radio onsdag 12. januar 2011 og 24. oktober 2012