Lausåna

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Glømstre i Lausåna rett før elva renn ut i Gåseflåfjorden. Då biletet vart teken, var Gåseflåfjorden sterkt nedtappa, og elva likna mykje på slik ho var før oppdemminga av Gåseflåfjorden på 1950-talet.

Lausåna er ein liten del av Otra som skil lag med resten av elva nord for Soga (Kilesoga) i Kilefjorden, og blir foreina med storelva igjen i Gåseflåfjorden. Mellom Otra i sør og Lausåna i nord vert det såleis ei øy. Det er Øyna i Iveland. Det første stykket er Lausåna temmeleg smal. Seinare vidar ho seg ut og lagar Øynavatnet. Før utlaupet i Otra snørar Lausåna seg saman igjen og renn gjennom eit trangt gjel kalt Glømstre.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...