Soga

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Soga i august 2015. Gåseflåfjorden var i nokre dagar nedtappa i samband med utbygging av Iveland 2-kraftverket, og den tidlegare fossen kom for ei stakka stund til syne att.
Soga ved normal vannstand. Kilefjorden til venstre og Otra nedover mot Gåseflåfjorden til høgre.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss i Otra ved utlaupet av Kilefjorden ved Kile i Vennesla. Elva var opprinneleg smal her, og det var som om ho vart sugd ut av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vannspeilet i Gåseflåfjorden heva med 11 meter, og kom opp praktisk talt på høgde med Kilefjorden. Då forsvann fossen Soga, og det blei bare att eit lite stryk med opp til ein halv meters skilnad.[1]

I august 2015 senka Agder Energi vannstanden i Gåseflåfjorden med opptil 7,3 meter for å utføre naudsynt arbeid i samband med utbygginga av Iveland kraftverk 2. Soga kom då til syne att for ein kortare periode. Førre gongen vannstanden var senka slik var i 2002.[2]

Setesdalsbanen gjekk forbi her fram til 1962.

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


Referansar[rediger]