Krona
Hopp til navigering
Hopp til søk
Krona er ein tidlegare husmannsplass ved Skjerkevegen, to–tre kilometer nord for gardsbruka på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Plassen blei bygsla første gong rundt 1850. Han skal ha hatt sitt eige bruksnummer (bnr. 7), noko som skulle tyde på at han har vore eige gardsbruk ein gong. I dag er eigedomen slege saman med Der auste (bnr. 5).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 263
- Gunstein Uleberg Møllen, Kulturminnestudiar på garden Der auste, stykke i Jol i Setesdal, 2023, side 43–50