Knipane gruver

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Granatgruva i Knipane gruveområde.

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-vest for Håvarstad nord i Iveland. Det går skogsbilveg inn til gruveområdet frå Fylkesveg 291 (Frikstadveien). Vegen er ikkje stengd med bom, men ein må legge 100 kroner i ei kasse for å køyre inn til gruvene med bil.

I gruveområdet er det fleire skjerp. Det er Granatgruva, Gruvene ved myra, Gruva på toppen, Thortveitittgruva, Storsynken og Kongsberggruva. Dei to største er Storsynken og Kongsberggruva. Nokre av gruvene er fylde med vatn, medan andre er tørre. Då gruvene var i drift, frå slutten av 1800-talet til langt inn på 1900-talet, var det helst feltspat, kvarts og glimmer ein dreiv stort etter.

Men mineralet thortveititt blei for første gong gjort greie for ut frå ei prøve som vart funne i et lite brot på Knipane. Dette fekk namn etter finneren Olaus Thortveit frå Iveland.[1] Mineralet var i 1950-1960-åra mykje ettertrakta til forsking på legeringar til bruk i fly- og romfartskonstruksjonar. Gruvearbeidarar i Iveland kunne i heldige tilfelle tene ei årsløn på nokre få dagar om dei kom over dette mineralet. Det blei betalt med det dobbelte og vel så det av gullprisen på den tida. Thortveititt er særs sjeldent, og har nå stort sett museums- og samlarinteresse.

Alt i alt er det i Knipane gruveområde funne rundt 50 ulike mineraler, mellom anna røykkvarts, ametyst, zirkon, beryll (akvamarin), fergusonitt, pyritt, albitt, titanitt og apatitt.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]