Kjetil Jore

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kjetil Jore
Kjetil Jore.jpg
Født: 5. november 1911
Død: 10. november 2002 (91 år)

Kjetil Jore (fødd 5. november 1911, død 30. november 2002) var bonde i Valle. Han var svært oppteken av sau og gav ut Markebok for Valle i 1972. Han laga sjølv ei minnebok frå livet, og opplysningane her er tekne frå den.

Barndom og oppvekst[rediger]

Foreldra til Kjetil Jore var Torleiv (Tellef) Hallvardson Dale (1881 - 1931) som i 1907 vart gift med Gunhild Olavsdotter (Bø) Jore (1884 - 1964). Dei var tremenningar. Hallvard Pålson Dale, Kjetil Jore sin farfar, kjøpte gard for dei i Jore. Med åra vart det ein stor familie: Hallvard (1908-1998), Olav (1910-1963), Kjetil (1911-2002), Anne (1913-2000), Anlaug T. Jore (1916-1991), Jorunn (1918-2000), Sigurd (1920-1999), Sigrid (1922-1925) og Pål (1924-1925).

SitatBestefar Olav Pålson Bø og kona Anlaug åtte Sagneskard gr.nr. 41, br.nr.1. Dei var like gamle og fødde i 1859. Då konfirmantane låg på kne runt altarringen, tok bestefar seg ut den jenta han vilde ha. Det var 'kje so dumt. Sagneskardkarane åtte alle tri gardane og vel so det. Eldste bror til bestemor var biksen i bygda -bankkasserar og postopnar. Første kona hans var frå Heimegard Røysland. Seinare gifte han seg med Anne Bjørnarå. Olav Olson Sagneskar var farbror til Bestemor. Første kona hans var Birgit Stensdatter Berge som døydde barnlaus. Ei or dei seks døtrene til Olav H. Kyrvestad vart den andre kona hans. Ho gjekk under namnet:: Minste Gunnhild. Og hadde vore gift før. Ei onnor til dei tri vart gardkone på Bø (Røyso) -seinare mor til bestefar. Grunnen til at besteforeldra mine fekk Sagneskar, var at Minste Gunnhild og Gunnhild O. Bø (Røyso var søster).Sitat

Kjetil Jore vaks opp hos besteforelda i Sagneskar.

SitatEi ny verd opna seg for meg. Der på garden var kyr, sauer og ei hoppe som fekk føl ender og då. Bestefar var av og til på hestehandel noko som var vanleg i den tida. Tidlegt vart eg glad i sauer. Eg hadde ein som eg kalla Gudla. Han var spak etter alle godbitane han fekk. Om våren kjette lamba seg rundt mødrene sine og i flokk ute på jordet. Det var vår og framtida såg ljos og god ut. På helgedagane tok me det med ro. I skora over åren hekk ei gryte med kjøtsuppe. Det putra og sau i den. Til dogurds fekk me flotmylje. Då det var undangjort, tok husfaren Luthers huspostil og las teksta for dagen. Det var hardt for ein ung kropp å halde seg i ro under lesinga. Eg gjekk på sundagsskule, og no og då på oppbyggjingsmøte. Gunnar Holen frå Bykle var ein kjend talar. Han lika eg å høyre på. Første heimskrigen var vanskeleg å koma igjennom. Mange vernepliktige vart innkalla til nøytralitetsvakt. Fleire av dei vart så sjuke at det stod om livet. Det var spanskesjuken som herja. Mange vart førde til Valle kyrkjegard i den tida. Tårevåte kinn var ofte å sjå. Dei gret for dei døde. Bestefar og eg slapp sjuken. Bestemor, morsyster Tore, morbror Pål og Olav vart sjuke og låg til sengs. Alle vart heldigvis friske att. Sitat

Skulegang[rediger]

Småskulen gjekk Kjetil Jore i Åkre skule. Sidan gjekk han på Homme og Tveitebø skule.

SitatOmsider kom eg i skulepliktig alder. Skulehuset stod på Åkre, Olav Brottveit var lærar. I skulen var han avhalden og tolmodet hans rakk langt. I friminutta slo me ball, gjette sugge og slo på ringen. Om vinteren var me i skibakken som låg i nærleiken av skulen. Some var reine storhopparane. Av og til kunde det vera gnuffing og slagsmål, men det gjekk over,kameratane vart gode vener som aldri før. (...) Skulen kravde sitt i Homme og Tveitebø skulehus. Knut Kyrvestad var lærar. Han tolde lite piksor som some av elevane fann på. Siste skuledagen føre jol skulde «Bjørnarågåva» delast ut. Eg hadde sett fram til den dagen og vona at eg skulde få den. Den gjekk til ein annan av elevane som var yngre enn eg. Tydeleg og klårt visa det at eg var kje noko skuleeksempel.Sitat

Ungdomstid[rediger]

I 1924 reiste far til Kjetil Jore til Amerika. Kjetil arbeidde i landbruket på garden heime i ungdomsåra. Om sommaren låg han på heia som gjætar, mellom anna på Neiretjønnstøylen. I 1931 døydde faren i Canada, han kom bort om vinteren.

SitatI regret to inform you that your husband left his residence near the shore of Camp Lake at the Sherritt-Gordon Mine in the early hours of the morning of December 22nd, 1931, armed with a 22 rifle. A heavy blizzard blew up on this date, and no word has been heard of him since, and it is considered althogether likely that he has perished in the storm, or fallen through an air hole in the ice on the lake in question.Sitat
– Brev frå Royal Canadian Mounted Police 26. juli 1932

Vinteren 1933-34 gjekk han på Kvås ungdomsskule. Sidan gjekk turen til Fjellhaug i Oslo.

Fjellhaug[rediger]

SitatHausten 1935 reiste eg til Fjellhaug bibelskule. Den låg på Sinsen med utsyn over Oslofjorden. Det var Kinamisjonen som åtte og dreiv skulen. Enok Osnes var styrar, og dette var nokre av lærarane: Ludvig Hope, Øyvind Andersen, Tormod Vågen, Lars Aanestad, Trygve Bjerkrheim m.fl. Grunnen til at deg reiste dit, var ei hending som gjekk føre seg i Homme og Tveitebø skulehus. Dreng K. Homme dreiv med opplæring i lauvsagarbeid for gutar i konfirmasjonalderen. To jenter tok seg av det andre kjønn. Dei fekk opplæring i handarbeid. Til slutt under samlinga talte Dreng Guds Ord til oss. So til hjarta gjekk det meg, at det var ein snunad i livet mitt. På skulen var eg ein vinter med økonmomisk stødnad frå skulelaget. Der var elevar frå mange kantar av landet. Danmark hadde og sine representantar. Me for over flerie bibelske bøker og fekk innsyn i frelsessoga. Bibel og bøn vart det viktigaste under opphaldet. Ugløymande var det når dei store salane vart opna til festlege samvær. Ofte var misjonærar med som tennte misjonselden. Orda som Vår Herre og Frelsar sagde til læresveinane på fjellet i Galilea, stod fast i alle eveheters evighet. Slik lydde det på svensk: "Gå därför ut och gör alla folk till lärjungar, döp dem i Farderens och Sonens och den Helige Andes namn och lär dem att hålda allt det som jag her har befallt er. Och se, jag är med er alla dagar intil tindens ende (Matt. 28:19-20). Me måtte prøva oss på preikestolen. Der fann lærarane ut om me var skikka til å tala Guds Ord. Det var 'kje vanskeleg å skøna kven som var driven i faget. Eg kom i alle fall langt bak i rekkja. Seinare visa det seg at eg ikkje var plent gløymd. Eg fekk gode ord med på livsvegen.Sitat
Ein annan stad fortel han meir utførleg om tida på Fjellhaug
SitatEg var so heldig at han vilde overta sauedrifta når eg skulde til Fjellhaug. Sauene skulde 'kje heim før ut på hausten. Til den tid fekk han vera på Ramsvatn hjå Birgitt og Berte. Mitt syskinbarn - Dreng Dale -skulde til Oslo å studera. Eg hadde fått laga det slik at me fekk vera med Gunnar når han skulde attende til arbeidet sitt i Oslo.

Eg vart godt motteken av personalet ved skulen. Me var gamle vener. Etter kvart samla elevane seg. Spanande var det å sjå so mange nye anlit. Det var ungdomskule, handelsskule og misjonsskule. Høgtideleg var det når dei store salane vart opna til velkomstfest. Me måtte opp på talarstolen for å bli presenterte for misjonsfolket og andre interesserte. So var det å ta skinnbroka på og ete havrelefse, slik kjendest det i alle fall for meg som sleit hardt med engelsken, tysk og matematikk. Han hadde gode andletsdrag -Lars Ånesta -når han fann ut at eg kunde leksa. Verre var det med engelsklærearen med to embedseksamenar -Petter Mykelbust. Når eg ikkje kunde gi svar på det han spurde om , var klokka «fem på tolv». Månad etter månad låg bak oss, og me hadde hatt fleire prøver. Eg strauk i ei av dei. På misjonsskulen var eit glas på taket der ljoset kom ned i eit roterom. Der var eg plent åleine med leksene og «stille stunder».

Elevane var greie karar. Mesteparten av dei var gåverike. Lars Jøssang var tidleg i ungdomsåra ute for ei motorsykkelulykke. Han var so sundslegen at dei aldri trudde at det vart mennesket av han. Men Lars vart frisk att. Og dertil hadde han kjempe-krefter. I ulukkeserstatning fekk han sopass mykje at hadde nok til skulepengar og til å hjelpe foreldra.

Oskar Odden var min romkamerat og var komen frå Fausketraktene i Nordland. Ein kveld han vilde gå til sengs låg der eitt piggsvin i senga hans. Det vart mykje ståk for å få det ut att. Ofte låg skodda blygrå over byen. Me sakna sola. Men der var botemidlar. Ein kunde gå til toppen av Tryvasstårnet der i frå såg han Rondane langt burte. Eller ein kunde gå opp under Grefsenåsen. Der budde hylstringen Lars Berg. Han var forstander i Østre frikyrkje og ein skrivefør kar. Nigardsfolket, og Lundesola var frå hans hender. Barneboka Gunnar kom etterpå. Ofte var eg i kyrkja der han tala. Tidlig i ungdomsåra skriva eg meg ut or Statskyrkja. I den tida eg gjekk på Fjellhaug, stakk eg aldri den saka «under stol». Rett og slett! Eg var heimlaus. Skuleåret var slutt og eg vilde heim. Det hadde gjenge toleg med skulen.
Sitat
SitatOm sumaren arbeidde eg heime på garden. Tidleg om morgonen klirra slåmaskina og skumet valt nedetter sidene på hesten. Eg måtte inn på skulen att. Eit hardt slit kom det til å bli. Fjellhaug hadde ikkje eksamensrett til vår klasse. Difor måtte me gå opp til eksamen i alle fag. Eg fann att "roterommet" mitt. Men eg tykte at det gjekk smått med lærdommen. Tida gjekk og det vart kaldare i lufta. Huset såg ut til å vera av stein og oppvarma med varmt vatn. Ein radiator hekk på veggen i det romet me budde i. Vadmålsbukser og ein heimespeta genser hadde eg på meg. Eg skjemdest -kom i hug «Bondestudentane» som kledde seg i vadmål.

Matsalen var stor. Det måtte den vera med so mange som skulde ha mat. Etter morgonmaten var det andakt. Ein av elevane tok seg av den. Me hadde stor respekt for lærarane. Ein gong eg møtte styraren, tok eg hatten av.

Det leid til eksamen. Lærarane gjorde det dei kunde for å få eit godt resultat. Eg grua meg. Me tok til med sløyd - gjorde ei brødfjøl. Resultata etter to års arbeid måtte prøvast. Under dei vetuge faga var me samla i store salar ein annen stad i Oslo. I desse faga var dei skriflege og munnlege. Siste eksamensdagen var slut, og det gledde me oss over. Resultatet var me spente på. Me måtte venta nokre dager før innkalllinga til Foss skole kom, der eksamensresultata vart kunngjorde. Der måtte vera tusen som stod og venta på skuleplassen. Ein erverdig mann kom ut på trappa og las opp namn etter namn. Mitt namn: -Kjetil Jore -vart og opplese. Eg stod til eksamen. Men for å berga æra, skulde eg hatt to poeng til til. Meget godt var 80 poent. Eg fekk 78.

Kven kom til å bli utteken til å studera vidare og sidan bli misjonær? Hovudstyret var det som avvgjorde den saka. Godt og vel halvparten av elevane fekk halda fram ved skulen. Me andre måtte reisa heim.
Sitat

Emissær[rediger]

Eitt snautt år var Kjetil Jore emissær i Telemark krets av Kinamisjonen.

SitatHausten 1939 fekk eg tilbod frå hovudstyret i Kinamisjonen om å reisa som Emisser i Telemark. Det var med frykt og beven at eg tok imot det tilbodet. Eg kom til Haukeli. Der var Aslak Kasti ifrå. Han var ein av dei mest radikale i Kinamisjonen. Då eg kom til heimen hans, var han jordfest. Eg skulde bu hjå Torbjørn Bjåen -ein kjend krøterhandlar i Setesdal. Kona hans var dotter til Odd Edland. Si kone fekk han frå Midbø i Breive -dotter til Knut. Torbjørn sytte so sårt ei lita jente som døydde ifrå dei. Uppigard Edland var heimen deira. På møte eg hadde på Edland, var ho med den unge lærarinna som døydde av kreft. Far hennar var Odd. Seinare bar det nedover tl Tor Ullsvik i Grungedal. Utan tvil hadde han ei lyrisk åre. Songen: Store, store Gud, kom ifrå hans hand. Leveåra hans vart få. Eg vart beden i brudlaupet til Gunnhild og Nils Svalastog. Hallvar Holtan -ein av leidarane i Kinamisjonen -heldt festtalen. Eg vanka vidt den vinteren -var i Bø, på Rjukan og mange andre stader. Preikene skriva eg aldri. Det var noko eg aldri fekk til. Eg var komen til Froland i Mo 8. april 1940. Om kvelden hadde me møte på den vanlege samlingsstaden. Då eg stod på talarstolen, merka eg meg ein kar i tjuge åra. Etter at eg hadde tala, gjekk eg ned til han og spurde om han vilde gi seg over til Gud. Ut på natta vart mobliseringa sett igang. Ei tysk kule gjorde ende på han som eg tala med få timar tidlegare. Krigen var komen til landet. Det var 'kje til å tru. Den tiende tok folk det med ro. Hitler og Qusling lova vondt til dei som ikkje lydde ordre. Dagen etter var det ålmenn mobilisering og eg som aldri hadde løyst skot idet militæret. Då fekk folk fart på seg. Ein del kontante pengar hadde eg på meg. Dei bad eg ei kone som eg kjende, senda til mor. Eg gjekk nedover mot Dalen. Lite folk var der å sjå. Seint om kvelden reiste eg til lensmannen og sagde kven eg var og spurde kva eg skulde gjera. Han svara: «Du har ikkje anna å gjera enn å reisa til Setesdal. Der er det full krig.» So var det å gå attende til Reini der eg hadde butt i det siste. Om morgononen den 12. vakna eg tidleg. Eg skulde heim. Skulde eg i krigen? Ski lånte eg meg og fekk ein kar til å følja meg på vegen. Då me kom opp i høgda, sette me oss og kvilde. Me sagde «far vel» til einannan. Han reiste attende til Mo og eg til Valle.Sitat

Krig og fred[rediger]

SitatDen først kontakten eg hadde med krigen, var eit stort bombefly som strauk lågt over heia der eg for. Middagsbel såg eg heimeheiane i Setesdal- Det var dei eg tenkte på og folket som budde der. Ned i Laugardalen var eg komen. Eg sette meg og kvilde - hadde på meg turre sokkar. For eg rekna med at eg måtte i krigen. Hjå Torgrim Homme tok eg inn -fekk ein kopp med søtmjøk som sløkte tørsten. Den gjorde meg godt i den stoe eg var i. Ute i dalen stod frontane mot einannan og ingen visste korleig det vilde gå. Datoen var 12. april 1940. Eg gjekk heim til mor og syskina mine. Dei tok det med fatning. Natta over låg eg i Jore. Dagen etter reiste eg til Tora og Pål i Noribø.

Kaptein Nere Åkhus held seg i Nordibø eller Valle sentrum. Han hadde med matforsyninga å gjera. Heren skulde ha mykje mat. Og båsar i fjos vart ståande tome. Eg fann ein bajonett nedanfor Solberg. Han var i nærleiken og eg spurde han: «Kva skal eg gjera med denne?» Han svara: «Denna har du ikkje bruk for. Kast den på lastebilen som står der.» Det var ein akta og æra mann frå Bygland som lagde ned si teneste.

Etter krigsforsliset i Skagerak utanfor Lillesand den 8. april 1940 var 140 tyskarar berga. Det var Rio de Janeiro troppetransportskip som gjekk ut frå Stettin 5/4 full av bevepna troppar. Dei berga var transportera til Valle og innkvartera i Frikyrkja. Dei som hadde gjenge underoffiserskulen sitt siste år, hadde vakhaldet over soldatane.

Då kapitulasjonen var eit faktum henta tyskarane sine eigne og let etter seg ein tropp soldatar. Dei budde på Bergtun, Kyrvestad Turistheim og i Bedehuset. For oss vart det nokre rolege dagar. På ein åker gjorde eg mitt vanlege arbeid. Ein gamal soldat med svære barter vilde sjå kva eg bala med. Han fortalde at han hadde vore med i den første Verdenskrig. Me talte om den andre og eg sagde til han: «Tyskland kjem aldri til å vinna krigen.» Den gongen visste eg ikkje kva ein måtte seia og ikkje seia. Den gamle kriger vart sinna. Ein annan dag saga eg ved ved husa våre. Då fekk eg besøk av 3-4 soldater. Det var krigen dei talte om og eg sagde til dei: «Hitler er glad i krig.» Då hopp dei og talte i munnen på kvarandre. Tora lika ikkje å ha tyskarane slengjande rundt husa. I troppen var og ein offiser. Han innviterte meg til Bergtun på kaffi. Det sagde eg «nei takk» til. Han fortalde om kva Tyskland vilde med krigen. Målet var å samla den germane rase. -Det går ikkje, sagde eg til han.

Helgetorsdag var det urolegt i Valle. Sytti bilar med soldater og utstyr for forbi. Dei stansa i Jore, Tveitebø og Homme. I tunet hjå Kjetil O. Homme sette dei opp kanoner som peika mot Einang. Det var der ifrå dei tenkte at fienden vilde koma. Folk vart livredde. Fleire av dei som budde på gardane i Homme, reiste til Laugardalen. Der var hytter og buer som dei tok i bruk. I Tveitebø tydde dei til vårfjøsa. Der var kaldt. Men dei hadde tak over hovudet. Seint om kvelden reiste eg opp i Jore. Mor og syskinna mine var heime. Pål og Tora hadde kome tidlegare. Ein vaktsoldat stoppa meg i tunet, men eg slapp inn etter at eg hadde forklåra meg. Der var fleire soldater som hadde gått til ro i ein høyskåle. Pål tok Bibelen og las der ifrå. Etterpå bad han ei bøn. Om natta hadde alt gjenge greit. Tyskarane fekk ros for si framferd. Ferda gjekk vidare til Bykle.

Quisling var landsvikar. Han gjekk i samband med Tyskland. Mange av bygdefolket slo lag med han og det fekk dei svida for. Krigen såg ut til å bli langvarig. Det norske folk vakna og gjorde motstand mot inntrengjarane. På mange forskjellege måtar lagde det hindringar i vegen for tyskarane. I utalanda var ein masse nordmenn som hadde rømt landet. Dei vilde ofra liv og blod for det som var tapt. Tyskarane slo tilbake. Og mykje blod måtte renna under tortur og avrettingar. I fengsel og konsentrasjonsleirar livde folk i den djupaste naud. Det som hendte i og på havet, var so grufullt at det var vanskeleg å tru at det slikt kunde henda. I lufta for flya med si dødelege last og gjorde byar til ruinhaugar. Det tok til å minna på dei mest nødvendige ting. Maten var 'kje å kyta av. Og sko og klede var vanskelege å få fat i. Byfolk kom innover bygdene med det dei vilde avhenda. Det dei helst vilde byta til seg, var smør og kjøt. Då måtte dei til bøndene, og der gjekk dei ikkje til fånyttes.

Under krigen var eg sauegjetar. Eg hadde det vondt. Verst var det om hausten når eg gjekk i blaute myrar. Då surkla det i skoa, og vatnet rann ut og inn.

Tyskarane hadde vore på Hardangervidda å leita etter sabotørar. Då oppdraget var gjort, kom dei ned gjenom dalen og stoppa i Valle. I kveldinga gjekk nokre av dei ned til Moåkr. Der var ein bergrygg som dei lagde seg bak om og kasta handgranater. Då eg om våren køyrde etter åkeren, såg eg mange granater som ikkje hadde eksplodera. Eg ana kva det var og sendte bod etter lensmannen. Betjenten kom og ein offiser uskadeleggjorde dei. Seint ein kveld kom to SS soldater og rekverera husrom. Eg visa dei på loftet der dei skulde overnatta. I stova held Pål og Tora andakt. Me på loftet høyrde det so vel. Pål las of bibelen og bad ei bøn. Etter på song dei -naudende vent. «Wo man singt da lass dein rueg nieder. Böse Menschen haben keine Lieder.» Soldatene såg mørke og lite tiltalande ut.

Det norske folk venta på freden og det høyrdest ut som den var i kjømda. Om kvelden den 7. mai 1945 lesste Pål og eg eit høylass i Li-teigen. Då kom Daniel Myrum i stor fart syklande. Han ropa til oss: «No er det fred!»

Den åttande mai flagra store og små flagg over bygda. Freden var ein realitet. Bygdefolk samlast i sentrum av bygda. Forventningane var store -Augund Rike og Lars Sandvand talte på frikyrkjetrappa, Altanen på Kyrvestad Turistheim fylldest. Der var heimefrontsoldater som såg etter at alt gjekk roleg for seg. Der var taler, og songen brusa over bygda som den aldri hadde gjort det i manns minne. Etterpå bar det sørover til Harstadberg, Eg var med på båe plassane. Der tok seremonien seg opp att. Det var fred i landet.
Sitat

Aner[rediger]

Bibliografi[rediger]

Kjelde[rediger]